Er kritisk til NHO-tal
Dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Gurigard, er kritisk til fleire av NHOs tal frå Kommune-NM.
To veker etter næringslivsdebatten i Gol mellom hallingdalspolitikarar og NHOs regiondirektør i Buskerud, Per Steinar Jensen, har Gurigard gått Vista-rapporten etter i saumane.
– Oppsiktsvekkjande bruk av statistikk av ein seriøs organisasjon som NHO, seier Gurigard om sine funn i rapporten som ligg til grunn for NHOs tal for Kommune-NM.
Artikkelen held fram under annonsen.
50 prosent
Han har på bakgrunn av ein database utarbeidd av konsulentselskapet Menon Business Economics særleg vurdert og brote ned tala for verdiskaping i regionen.
Innanfor dette feltet viste Kommune-NM svært dårlege resultat for Hallingdal. Mellom anna var verdiskapinga i Hemsedal så dårleg at kommunen vart plassert på nest siste plass i fylkesrangeringa.
– Fullstendig feil, seier Gurigard, og viser til Menons database med avdelingsrekneskap for alle AS i Hallingdal.
Han meiner det reknestykket endrar synet radikalt fordi Vista-rapporten berre vurderer firma med hovudkontor og ikkje avdelingskontor i Hallingdal.
– Verdiskapinga på avdelingsnivå er 50 prosent høgare samanlikna med NHOs tal. Det er faktisk ganske mykje, seier Gurigard, og trekkjer fram lokale tal:
n I Flå og Gol er verdiskapinga dobbelt så stor på avdelingsnivå enn på føretaksnivå.
n Avdelingstala for Hol og Nes er 10–30 prosent høgare.
n I Ål er effekten lågare, om lag ti prosent.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Grått, men ikkje heilsvart
Gurigard trekkjer fram Hemsedal som eksempel på «kor gale det kan gå», som han uttrykkjer det.
Kommunen får skryt av NHO for at pilane peikar i rett retning, mykje på grunn av Skistar som den økonomiske motoren. Samstundes er kommunen i botnen i fylket på verdiskaping. Gurigard meiner det er feil. For sjølv om Skistar er motoren, får ikkje kommunen full utteljing fordi selskapet ikkje har hovudkontoret i Hemsedal.
– Dessutan er ikkje enkeltmannsføretak og landbruk med i rapporten. Dette er viktige delar av næringslivet i Hallingdal. Måten å føre statistikk på fører til ei klar favorisering av byane, seier Gurigard.
– Men likevel er det store utfordringar for næringslivet i Hallingdal?
– Ja, det er det. Det er grått, men ikkje heilsvart. Me treng nye typar arbeidsplassar med meir variert næringsliv, også for å trekke til seg oss yngre, seier Gurigard.
Usamd
Akkurat det er Per Steinar Jensen samd i.
Men Jensen meiner Gurigard heller bør arbeide med å skaffe nye kompetansearbeidsplassar til regionen og auka bulyst hjå unge menneske enn å knuse tal i Vista-rapporten.
– Eg skjønar ikkje kvifor han sår tvil om rapporten. Me vurderer kommunane innanfor 22 indikatorar. Gurigard interesserer seg for ein. På tre andre indikatorar: Kompetanse, kommuneøkonomi og demografi har kommunane kjempeutfordringar. Det burde han og andre konsentrere seg om å jobbe med for å utvikle Hallingdal, seier Jensen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han kan likevel sjå at Gurigard har eit poeng når det gjeld vurderinga av selskap som berre har avdelingskontor i Hallingdal.
– Det er eit poeng. Me slit litt med å isolere dei tala frå SSB. I enkelte kommunar vil verdiskapinga bli undervurdert, for andre overvurdert. Men i den store samanhengen slår ikkje dette så mykje ut.
Om landbruk som er utelate frå rapporten seier Jensen:
– Me har sett på verdiskapinga innan næringslivet me representerer. Gurigard må gjerne lage ei oversikt over verdiskaping for bøndene. Men i den store samanhengen står bøndene for ein liten del av verdiskapinga.
NHO-direktøren meiner resultata frå Kommune-NM viser eit realistisk bilete av Hallingdal.
– Me ønskjer ikkje at Hallingdal skal haldast fram som dårleg, men vil peike på utfordringar regionane har. Me har eit godt bilete av situasjonen. Det står ikkje bra til i Innlands-Norge generelt.