Endeleg - klart for Hallingmarken
Avgjerda er teken. Det blir Hallingmarken igjen til sommaren.
Men det er nokre restriksjonar som må fjernast først.
– Meteren og munnbindet må vekk. Me kan ikkje arrangere Hallingmarken med restriksjonar. Men det er lys i tunnelen, seier økonomiansvarleg i Hallingmarken, Nils Gudbrandsplass.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lang tradisjon
Hallingmarken har i over 50 år vore sommarens store hending i Hallingdal. Men dei to siste åra har portane vore stengde.
– I 2020 fekk me nesten ein million i kompensasjonsmidlar for tapte billettinntekter, seier Gudbrandsplass.
Ein søknad til Kulturrådet på 460.000 kroner i kompensasjonsmidlar for fjoråret er avslått.
– Kulturrådet grunngir med at dette er ein folkefest med tivoli og underhaldning frå scena. Det er visst ikkje kunst, men 70 prosent av årskostnaden vår går til underhaldning. Sceneunderhaldninga trekker folk til Hallingmarken, seier Gudbrandsplass. Avslaget er påklaga.
Fryktar ikkje
– Planlegg de Hallingmarken med hjarte i halsen?
– Nei, me har ikkje hjarte i halsen. Det må kome negative nasjonale føringar og restriksjonar før arrangementet kan ryke. Og slike føringar vil me ikkje ha. Men blir det uoversiktleg ved påsketider, må me ta ei avgjerd.
7. — 10. juli. Det er tidspunktet for årets Hallingmarken.
– Fryktar du at folk har gløymt Hallingmarken i løpet av desse to åra?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er ikkje redd for det. Då har eg vore meir redd for at utstillarar som har vore her har lagt ned geskjeften.
På'n igjen
Gudbrandsplass seier at fleire utstillarar har teke kontakt med spørsmål om det blir Hallingmarken i år.
– Me sender ut invitasjon til utstillarar måndag. Me har teke fram 2020-budsjettet, og planlegg med utgangspunkt i det. Og me planlegg som at det ikkje er ein pandemi. seier Nils Gudbrandsplass.