Det var sterke inntrykk for nødetatane som jobba på staden. No er det klart at tre menneske mista livet i ulykka på Rv7 aust for Torpo.

Endå eit dødsoffer: Jente (9) omkom i trafikkulykka

Trafikkulykka i Torpo onsdag 11. oktober har kravd nok eit menneskeliv.

Tre personar er no stadfesta omkomne i ulykka på Rv7, der ein minibuss kolliderte med eit vogntog. Den sist omkomne var ei jente på ni år med thailandsk statsborgarskap.

Politiet opplyste fredag i ei pressemelding at ho var busett i Bankok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem kritisk skadde

Onsdag 11. oktober rykte nødetatane ut etter melding om kollisjon mellom lastebil og personbil i Ål. Fem personar vart då rekna som kritisk skadde. To personar var døde. Desse var ei kvinne på 38 år og ei mann på 49 år. Begge var thailandske statsborgarar, og budde i Bangkok. Ein person var sist veke utskreven frå sjukehus.

Ein kritisk skadd

Måndag opplyste politiet at den eine av dei fire som framleis var inne til behandling på sjukehus var kritisk skadd.

– Me er kjende med at tilstanden framleis er alvorleg for minst ein av dei skadde, utover det ønsker me ikkje å kommentere status på dei involverte, sa politifullmektig Sandra Korgerud Frogh til Hallingdølen.

Les også
Sterke inntrykk: – Uansett om det er ferske eller erfarne mannskap, er dette inntrykk som vil sitje i lang tid

Omfattande undersøkingar

Rv7 vart stengt i over eit halv døgn etter den kraftige smellen, og både politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen gjorde undersøkingar på staden.

Politiet vil framleis ikkje seie noko om kva som var årsak til ulykka.

– Me har gode kjelder i saka som gir oss eit godt bilete av hendinga. Utover det, ønsker me ikkje å verken stadfeste eller avkrefte kva kjelder og opplysningar det er snakk om, sa Frogh til Hallingdølen måndag.

Frogh kunne heller ikkje svara på spørsmål om dei involverte brukte bilbelte.

– Når det gjeld spørsmål om bilbeltebruk og kvifor bilen kom over i motsett køyrefelt, er dette knytt til undersøkingar som politiet, i tett samarbeid med ulykkesundersøkingsgruppa til Statens vegvesen, jobbar mot å få svar på.

Artikkelen held fram under annonsen.