Ekstremvêret «Hans»: Førebu deg på mykje regn!
Det er i starten av veka venta det mest kraftige regnvêret dei siste 25 åra.
Meteorologisk institutt har sendt ut raudt farevarsel for delar av Sør-Norge. Dei varslar at fleire stader vil det vera meir kraftig regn enn ein har sett dei siste 25 åra.
Raudt er det høgaste farenivået ein opererer med for regn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Midt på dagen sundag varsla meteorologane er det er Austlandet nord for Oslo, dei austlege delane av Sogn og Fjordane, samt Møre og Romsdal og sør i Trøndelag som får mest regn. Her er det venta 80-100 mm regn på 24 timar, noko som blir karakterisert som ekstreme mengder. Det er også fare for styrtregn; 20-35 mm i timen.
Farevarselet gjeld frå måndag morgon til tysdag kveld. Men alt sundag kveld kan ein merke at nedbøren nærmar seg.
På same tid er det sendt ut eit farevarsel på oransje nivå for området rundt det raude, det vil seie 60-80 mm regn på 24 timar. For områda som har fått gult farevarsel er det venta 40-60 mm regn på 24 timar. Meteorologisk institutt melder at dei fleste fylka i Sør-Norge blir berørt av ekstremvêret.
Med så store nedbørsmengder er det også fare for jord- og flaumskred. Spesielt utsett er bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring.
Meteorologisk institutt ber folk sjekke stikkrenner og halde kummar og andre vassvegar fri for grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemt vatn kan utløyse skred.