Anne-Kristin Aasberg er FAU-leiar ved Dagali og Skurdalen oppvekstsenter. Dei kjempar for å behalde skulen. – For Dagali og Skurdalen vil det vere eit stort tap å miste skulen, seier Aasberg.
Anne-Kristin Aasberg er FAU-leiar ved Dagali og Skurdalen oppvekstsenter. Dei kjempar for å behalde skulen. – For Dagali og Skurdalen vil det vere eit stort tap å miste skulen, seier Aasberg.

– Eit stort tap å miste skulen

Onsdag blir framtida til skulen i Skurdalen avgjort. – Legg politikarane ned skulen, legg dei også ned bygdene, seier Anne-Kristin Aasberg.

Leiaren i Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Dagali og Skurdalen oppvekstsenter fryktar for bygdenes framtid utan skulen.

– For Dagali og Skurdalen vil det vere eit stort tap å miste skulen, seier Aasberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frustrerande

Reaksjonane har vore mange i Skurdalen og Dagali etter at formannskapet i november gjekk inn for å legge ned skulen.

Innsparingane ved å legge ned skulen er rekna til 1,4 millionar neste år. I dag behandlar formannskapet budsjettet for siste gong før kommunestyret vedtek budsjettet for 2016 neste onsdag. I Skurdalen og Dagali håpar dei i det lengste at fleirtalet av politikarane skal snu. Saka er viktig for grendene.

– Folk bryr seg om skulen. Dessverre er det ikkje fyrste gongen dette skjer. Det er frustrerande, seier Aasberg.

Fyrst og fremst peikar foreldre på lengre reiseveg for elevane viss dei må reise til Geilo kvar dag. Frå Dagali tek reisa kring 45 minutt – dersom bussen er i rute.

– Me trur det blir vanskeleg å få kvardagskabalen til å gå opp. Dei snakkar om «berre nokre minutt ekstra». Men det er lange minutt. Og til saman i løpet av eit år blir det mange timar, seier Aasberg.

Jobbar for tilflytting

Det er i dag 17 elevar ved Dagali og Skurdalen oppvekstsenter.

Skulen er ikkje berre viktig for elevane, meiner Aasberg. Skulen som samlingsplass og samfunnshus kan også vere avgjerande for om grendene får nye innbyggarar.

– Me jobbar for å få fleire hit. Unge har signalisert at dei vil flytte hit, men utan skule kan det bli vanskeleg, seier Aasberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes har formannskapet i budsjettbehandlinga tidlegare i haust understreka kor viktig det er å arbeide for tilflytting til heile kommunen. FAU-leiaren meiner argumentasjonen for å legge ned skulen ikkje held mål i den samanhengen. Aasberg er klar på konsekvensane viss skulen forsvinn:

– Legg politikarane ned skulen, legg dei også ned bygdene.

– Trist

Aasberg får støtte av Mailiza Flataaker Schindewolf.

29-åringen skal ta over Tuva turisthytte og har slik sterk tilknyting til Skurdalen. Ho trur ikkje grendene kan rekne med tilflytting utan skule.

– Tek dei vekk skulen, blir det ikkje attraktivt å flytte hit, seier Flataaker Schindewolf.

Ho har vener og kjende som har signalisert at dei vil flytte heim til Skurdalen. Utan skule er det ikkje sikkert det er like aktuelt, trur ho.

– Me er mange unge som vil heim. Då er det trist at kommunen gjer dette. Korleis ei nedlegging av skulen skal få oss til å flytte heim, er vanskeleg å forstå. Eg er skuffa over Hol kommune. Skulen er samlingsplass og ein trygg stad å gå på skule, seier Mailiza Flataaker Schindewolf.