Eit fantastisk fyrste år
– Ein aktivitet me nesten ikkje hadde våga drøyme om. Og berre godord å høyre. Det har vore eit fantastisk år!
Slik oppsummerer sokneprest An-Magritt Granli året som snart er gått. 28. november i fjor, 1. sundag i advent, vart Geilo kulturkyrkje vigsla og offisielt opna av biskop Laila Riksaasen Dahl. Ein ny æra tok til for kyrkje- og kulturlivet i fjellbygda.
Enno er oppgåvene mange og utfordringane store, men erfaringane dette fyrste året etterlet ingen tvil: Kulturkyrkja er ein gedigen suksess.
Artikkelen held fram under annonsen.
Over 16.000 innom
For dei som måtte mistenkje det for å vere subjektive oppfatningar, kan kyrkjeverje Astri Tingstad leggje fram tørre fakta:
n Vel 10.100 har til no delteke ved gudstenester og kyrkjelege handlingar som dåp, vigsel, gravferd o.l.
n Meir enn 300 kulturarrangement/aktivitetar er avvikla.
n Over 6.000 registrerte besøkjande utanom kyrkjelege handlingar, mange turistar. I tillegg mange som ikkje er registrerte.
n Omsetning på nærare 200.000 kroner frå kyrkjetorget og kaféverksemda der.
– Aktiviteten har vore over all forventing! Dette var liksom ikkje noko som avtok etter den fyrste månaden, konstaterer ein stornøgd sokneprest.
Fleire til kyrkje
Geilo kulturkyrkje er noko langt meir enn eit hus for sundagsgudsteneste. Gudstenestene er likevel kjerneverksemd, og også der kan An-Magrit Granli glede seg over at besøket har auka merkbart med den nye kyrkja. Det er sundagsgudsteneste annankvar helg.
– Folk blir på ein måte meir vant til å gå her. Det har vorte ein lågare terskel for å gå til kyrkje, meiner Per O. Bakkegaard, mangeårig frontkjempar for ny kyrkje og den som har ansvaret for å styre gåvekontoen.
Artikkelen held fram under annonsen.
An-Magrit Granli gler seg også over ei tilstrøyming av nye frivillige som vil vere med å betjene kyrkjetorg eller bruktbutikk. Kyrkja dreg nytte av mellom 25 og 30 medhjelparar til dette.
– Det har vorte meir som ein dugnadsinnsats for Geilo, meiner ho.
Kyrkjetorget er ope alle dagar frå klokka 11 til 15, og i tillegg éin kveld frå klokka 18 til 21. Der stikk folk innom for å ta seg ein kopp kaffi og ein vaffel, lese aviser og kanskje kombinere det med eit besøk på kunstgalleriet i andre etasje.
Mange arrangement
Den store aktiviteten dette fyrste året blir ikkje minst understreka av heile 300 arrangement/aktivitetar av kulturell art. Det dreiar seg om ei rekkje større og mindre konsertar, salmekveldar, meditasjonskveldar, foredrag, møte av ulike slag, temakveldar, familiemusikal osv.
– All denne andre aktiviteten som kulturkyrkja gir plass til, er også så viktig for bygda vår. Dette er eit bygg også for kvardagen vår, slår Granli fast.
Anders Ilsøy som er leiar i Hol kyrkjelege fellesråd, finn grunn til å rose både kyrkjelyd, lokalbefolkning og hyttefolk for den enorme gjevargleda dei har lagt for dagen. Bakkegaard kan opplyse at inkludert ei testamentarisk gåve på 800.000 kroner som nyleg kom, har innsamla midlar no passert 19 mill. kroner.
Men det trengst stadig meir. Kyrkja har eit stort lån å betjene, og dessutan manglar enno ein god del inventar. Permanente kyrkjebenker er det som står nærast for tur. Ein har også så smått begynt å snakke om orgel.
Stemninga snudd
Det er ikkje til å stikke under ein stol at det har vore ein del skepsis til den nye kyrkja under vegs. Men den har vorte så å seie borte.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har kome ein heilt annan aksept i bygdemiljøet etter at folk såg korleis resultatet vart. Og det er ekstra gledeleg, konstaterer Bakkegaard.
– Alle lokale besøk her viser at det er noko bygdefolket set pris på. Dei gir også uttrykk for at dei kjenner det som godt å vere her, fortel Inge Velle. Han har vore leiar i byggenemnda og er ein av dei faste omvisarane og vertane på kyrkjetorget.
Sist, men langtfrå minst, peiker kyrkjeverje Astri Tingstad på at fasilitetane ved gravferder har vorte heilt annleis enn ved den gamle kyrkja. Dette var også ei av hovudmålsetjingane med nybygget.