Ein smitta i Gol - var akkurat kome ut av karantene
Etter å ha testa negativt fleire gonger undervegs i karantenen, testa personen positivt etter å ha kome ut.
Den smitta var nemleg nærkontakt til ein koronasjuk, og vart dermed sett i ordinær karantene.
Undervegs i karanteneperioden vart vedkommande testa fleire gonger. Alle prøvane var negative.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men mot slutten av karantenen auka symptomtrykket, også i perioden etterpå. Derfor vart det tatt ein ny test i går, som viste seg å vere positiv, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen laurdag kveld.
– Dette kom altså seint i forløpet, seier han.
Tilfellet er ei klar påminning om kor viktig det er å vere nøye med å overhalde karantenereglane. Sjukdom kan oppstå seint.
– Det viser at me må vere obs under heile karanteneperioden, seier Thurainayagam.
Seks i karantene
Sidan personen alt sat i karantene, er det ingen tvil om smittekjelda. Etter at den positive prøven tikka inn til kommunen laurdag, har smittesporingsgruppa vore i sving.
– Seks personar er sett i karantene. Me har avgrensa dette godt, seier Thurainayagam.
Det er mistanke om at det er det muterte viruset det er snakk om i dette tilfellet.
Det er to veker sidan det sist registrerte tilfellet i Gol. Det kom 2. mars.
Artikkelen held fram under annonsen.
215 vaksinert
At det kjem nye smittetilfelle i Hallingdal også, er ikkje rart. Smittetrykket nasjonalt er aukande. Samstundes held vaksineringa fram. I Gol er no 215 personar ferdig vaksinert, mens 381 har fått første dose.
Heile oversikten over korleis det ligg an med vaksineringa i Hallingdal kan du lese her.