Ein person koronasmitta i Hol
– Me har kontroll på nærkontaktane.
Det seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.
Den koronasmitta vart testa fredag, og svaret kom denne veka.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nærkontaktane er no testa, og me ventar på svar på desse, seier Strømmen.
Smittekjelda i dette tilfellet er kjent.
Fleire nyheiter om korona? Sjekk vår samleside
Hol var ein periode i vår den kommunen som var hardast råka av koronaviruset. Talet har lenge ligge på 49 smitta. Det siste tilfellet kom 9. april, i påska.
Med det siste tilfellet rundar kommunen no 50 registrerte tilfelle sidan utbrotet kom.
Den koronasmitta som no er registrert i Hol, er den andre i Hallingdal den siste tida. 12. august kom nyheita om at ein person i Ål hadde blitt smitta av viruset, ein hyttebebuar. Denne personen hadde blitt smittespora i ein annan kommune, og har ikkje hatt nokon nærkontaktar i Ål.