Ein person i Hemsedal har fått påvist koronasmitte
Tysdag ettermiddag fekk Hallingdal det første tilfellet av koronasmitte. No er talet oppe i to.
Den første positive prøva kom i Gol. Den andre i Hemsedal.
– Me har ein person som er bekrefta smitta, seier kommuneoverlege Camilla Underland i Hemsedal til Hallingdølen seint tysdag kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er i ein situasjon der me har full oversikt over smittebakgrunnen. Me har kontroll på kven personen har vore i nærkontakt med. Det er ingenting som ikkje er varetatt, seier ho.
Sit i karantene
Det vart tatt prøve av den smitta personen måndag. Tysdag kom svaret. Underland fortel at dei har klare retningslinjer for prøvetaking. Personar som har vore i nærkontakt med personar med påvist smitte, eller som har vore på reise i område med stor smitterisiko, blir testa om dei har utvikla symptom.
– I denne situasjonen er det reise som er årsaka til smitta, fortel kommuneoverlegen.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.
Underland fortel at dei det siste døgnet har gjort ein grundig kartlegging av vedkommande.
– Det er ikkje alltid så lett å skaffe seg ein god oversikt i ein slik situasjon, men i dette tilfellet var det faktisk veldig lett, seier ho.
Personen som har fått påvist smitte sit no i heimekarantene. Underland fortel at dei har ein god dialog på korleis vedkommande skal unngå å smitte andre, og halde seg innandørs. Samtidig følger dei med på om personen utviklar symptom som forverrar seg.
– Alle må bidra
I Hemsedal har dei gjort ei lang rekke tiltak den siste tida for å bu seg på koronasituasjonen. Tysdag kveld møtte Underland næringa og politikarane til eit informasjonsmøte. Det er mellom anna no sett ei grense for arrangement internt i kommunen, på 50 personar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg håpar alle no skjønar alvoret, og at det skjer ei endring mentalt i befolkninga. Me må alle gå i takt og bidra, gjere ein nasjonal dugnad, seier kommuneoverlegen.