Ein ny smitta i Gol: 15 i karantene
Personen var nærkontakt med ein smitta, og testa deretter sjølv positivt for koronaviruset.
– Vedkommande vart testa med hurtigtest. Det blir tatt vanleg prøve også for å sjå om det er kan vere snakk om ein mutasjon, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.
Smittekjelda er utanfor kommunen, det er såleis ikkje snakk om noko lokalt utbrot.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seks personar er no sett i ordinær karantene, mens ni personar er i såkalla «ventekarantene». Det betyr at dei må halde seg i ro fram til alle testsvar er klare.
– Fire av nærkontaktane vart testa med hurtigtest onsdag kveld. Alle desse var negative, seier Thurainayagam.
Han fortel at dei meiner å ha avgrensa tilfellet godt.
– Men det blir ein del testaktivitet dei neste dagane, fortel han.
Smittetilfellet er det fjerde i Gol den siste veka. Sist torsdag fekk kommunen tre smitta i ein smell då det viste seg at tre personar som var smitta av koronaviruset hadde reist på hytta si for å sitje i isolasjon der.
Det var då snakk om det muterte viruset. Ingen av desse hadde vore i kontakt med lokalbefolkning, så det var ikkje snakk om spreiing. Likevel er dette ingen ønskesituasjon for kommunane, å få folk til bygda som eigentleg skulle vore heime i karantene eller isolasjon.
– Isolasjon betyr isolasjon, ingen diskusjon, sa Thurainayagam då.