– Ei stor lette
Sundag kveld kom nyheita om at ektemannen var arrestert.
– Det var ei stor lette, seier ordførar Oddvar Grøthe i Hemsedal.
– Kva har drapssaka gjort med Hemsedal?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er vanskeleg å seie. Men det er meir sorg enn spekulasjonar i bygda. Det har Hemsedal stått seg på, seier Grøthe.
– Men det har skjedd mykje det siste året. Me hugsar ulykker der fire personar har omkome. Og no dette. Eg føler at me har fått vår del.
– Korleis har Hemsedal takla den tragiske drapssaka?
– Eg er fornøgd med måten Hemsedal har takla dette på. Bygda har gjort og tenkt det som er naturleg, seier ordførar Oddvar Grøthe.