Ei russetid med blanda kjensler
Hallingrussen uttrykker seg med blanda kjensler om korleis det har vore å ha ei russetid under ein pandemi.
Dei har festa heile natta, men er framleis vakne. Hallingrussen har samla seg utanfor Gol skule 17. mai, etter å ha køyrd i kortesje gjennom sentrum. Sjølv om dei no legg bak seg ei russetid utanom det vanlege er det ei god stemning blant dei, der dei dansar på biltaka.
– No har me festa i 18 timar, fortel Jan Daniel Dalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han og resten av gutane i Redbaron 2020 har lagt bak seg ei spesielt russetid. Festen blei ikkje slik dei hadde førestilt seg, men dei er delvis nøgd:
– Det blei jo nesten normalt, men har ikkje vore det same, fortel Espen Gamst.
Ikkje landstreff
Om ein spør kva det suraste har vore er dei ganske samstemte:
– Landstreffet i Stavanger. Utruleg kjipt å gå glipp av. Me har jo blitt invitert til neste år, men då er mange i militæret eller har begynt å studere, seier Kristoffer Turlid.
– Korleis trur de at de vil sjå tilbake på russetida om nokre år?
– Eg er ganske sikker på at eg vil sjå tilbake på det som ei fin tid, seier Gamst.
Det er Dalen einig i, men Turlid er ikkje like nøgd:
– Eg trur tida hadde vore betre utan korona.
Artikkelen held fram under annonsen.
Framleis prega
Jentene i russebilen Hold'em er nøgd med at dei har skapt mykje liv dei siste vekene.
– Me har rulla mest i Gol. Det har vore ei bra natt med mykje liv, fortel Mari H. Stake, og tykkjer det var ekstra kjekt å køyre gjennom nabolag i morgontimane med allsong og dele ut russekort.
– Det var fint å gjera noko for barna, seier ho.
Siri Toppen seier at ho framleis er prega av ei amputert russefeiring:
– Det har jo vore ei tid med restriksjonar og mange forholdsreglar. Og å ikkje kunne reise på landstreffet er skuffande.
Jentene fortel at dei alltid har hatt antibac på plass i bilen.
– Ein ting som har vore positivt med korona er jo at det har vore mindre folk ute. Så når me har festa, har me berre vore russ i lag. Og det har jo vore herleg, å berre vere oss russ saman utan andre, seier Anette Eidsberget.