– Eg vil prioritere bumiljøet
Ordførar Hallvor Lilleslett (V) var imot å be om ei testesak på leggje steinknusinga i Geiteryggen inn i ein fjellhall.
– Eg var usamd i at me skulle be om ei testesak, men eg bøyer meg naturlegvis for formannskapet og legg saka fram når ho kjem, seier Lilleslett.
Utbyggjar Lars Ødegård Teigen i Geiteryggen Næringspark var frustrert over at formannskapet gjorde eit forvirrande vedtak. Han har bede kommunen klargjere kva som ligg i at utbygginga skal vere terrengtilpassa og ventar på å bli kalla inn på møte med rådmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen store endringar
– At det skal vere terrengtilpassa betyr at dei kan sprengje seg litt ned og fordele lausmassen slik at dei får ei flat tomt. Poenget er at det ikkje skal gjerast gigantiske landskapsendringar. Korleis ei testesak skal utformast, er ei utfordring rådmannen må ta hand om, seier han.
Lilleslett seier han har forståing for at utbyggjar må vurdere kor mykje masse som må takast ut for at det skal vere økonomi i prosjektet.
– Men politikarane må først og fremst ta samfunnsomsyn, seier han.
Takka nei
På sist møte takka formannskapet nei til ein invitasjon frå Geiteryggen Næringspark om å vere med på ein studietur til Bergen. Mindretalet (Sp og 2 H) ville gjerne besøkje eit tilsvarande innandørs steinknuseverk for å studere korleis ein fjellhall reduserer støy og støvproblema. Fleirtalet (V, SV og 2 Ap) meinte at ein slik studietur var unødvendig.
Sprenging
– Me veit at me ikkje vil ha eit så omfattande anlegg tett opp i busetnaden. Kvifor skulle me bruke ein dag i Bergen på å studere eit stort knuseverk? Eg er ikkje i tvil om at ein fjellhall fjernar mykje av støy og støvplagene ved steinknusing, men det som står att er likevel at steinen skal sprengjast ut av fjellet og transporterast inn i fjellhallen. Eg har heile tida vore tydeleg på at eg vil prioritere bumiljø, seier Lilleslett.
Geiteryggen Næringspark
* I juni 2011 vart planane om næringstomter vest for Gol sentrum lagt ut til offentleg ettersyn. Planen innebar å ta ut store mengder steinmasse.
* Statlege styresmakter leverte omfattande motsegner og private i nabolaget protesterte.
* I juni 2012 valde formannskapet å skrinleggje planen.
* Samstundes inviterte dei Geiteryggen Næringspark til å greie ut ideane om å flytte steinknusinga inn i ein fjellhall gjennom ei såkalla testesak.
* No er det klart at kommunen også ønskjer å leggje ut fleire bustadtomter i nærområdet.