Håvard Børresen ville helst busetje seg i heimkommunen Hemsedal, der han i dag har to jobbar. Men på grunn av prisnivået enda han opp med leilegheit i nabokommunen Gol.

– Eg ønskte eigentleg å busetje meg i Hemsedal, men eg hadde ikkje noko anna val enn å flytte ut

Håvard Børresen frå Hemsedal leita lenge etter ein bustad i heimbygda si. Til slutt måtte han gi opp og kjøpe i nabokommunen Gol.

Bustadprisane i Hemsedal har stige kraftig dei siste åra. I november fortalde Børresen til Hallingdølen at han helst ikkje ville flytte til nabokommunen Gol.

Les også
Ikkje råd til bustad i eigen bygd: – Eg er 30 år. Har fast jobb og bur heime hjå mor framleis

Men i dag er dette blitt ein realitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ønskte eigentleg å busetje meg i Hemsedal, men eg hadde ikkje noko anna val enn å flytte ut, seier Børresen.

Flytta til nabokommunen

Håvard Børresen har studert i til saman sju år, og kom attende til Hemsedal i 2019. Han budde heime hjå mor si medan han jobba på Kiwi for å spare opp eigenkapital. Ikkje ideelt når ein er 30 år og har fast jobb, innrømte Børresen i november.

Men prisen på leilegheitene i heimbygda auka fortare enn eigenkapitalen.

Håvard Børresen kjøpte seg nyleg ei 96 kvadratmeter stor leilegheit i Gol sentrum. Det hadde han ikkje hatt råd til i heimkommunen Hemsedal, der prisane ligg høgt over nivået elles i dalen.
Les også
Ordføraren kjenner problemet: – Me har bustadmangelen på agendaen

– Det er for få bustader i Hemsedal, og altfor høg pris på det som finst, seier han. Denne veka held Børresen på med å flytte inn i ei leilegheit på nesten 100 kvadratmeter. Den har to gjesterom, opent areal og ligg midt i Gol sentrum. Etter om lag to år med bustadjakt i heimbygda Hemsedal, bestemte han seg til slutt for å gi opp. På Gol var situasjonen ein annan:

– Det gjekk veldig greitt å finne noko her. Mykje meir lettvint, seier Børresen, som no held til i Gymnasvegen.

– Alternativet er å vente

Han er fornøgd med å ha kome inn på marknaden, og likar leilegheita godt.

– Er det vemodig at du måtte gi opp heimbygda?

– Eg synest det er greitt når situasjonen er slik han er. Alternativet er å vente i fem år til dei klarar å setje i gang og realisere prosjekta dei har på gang, seier Børresen. Men då ville han ha vore 36 år før han kanskje kunne fått napp på ein leilegheit i Hemsedal. Og kven veit korleis prisane ser ut då.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit om fleire hemsedøler som har enda opp her på Gol, seier han.

Håvard Børresen (31) han endeleg kome inn på bustadmarknaden. Men han måtte gi opp å finne noko i heimbygda Hemsedal.

Følgjer renteutviklinga

For ei sentrumsnær leilegheit av Børresen sitt slag må ein ut med i overkant av to millionar kroner i Gol. Han innrømmer at det er tøft å kome gjennom nålauget når ein skal kjøpe aleine.

Les også
Klar melding om manglande bustader: – Me har vore bakpå

– Ein ting er å ha eigenkapitalen, men du skal handtere lånet i etterkant også, seier han. Børresen har førebels ikkje søvnlause netter på grunn av renta, men følgjer med på utviklinga. Han rår folk i sin situasjon til å søkje startlån hjå Husbanken i tillegg.

Kommunen må ta grep

Børresen jobbar framleis på Kiwi og hjå Scandiavian Alps Coffee Roasters i Hemsedal. Sjølv om han helst skulle budd i same kommune, ser han lyst på kvardagen som pendlar.

– Eg trur det blir bra. Eg har budd på Tuv dei to siste åra, og har sakna å kunne tusle ut i eit sentrum, ta seg ein øl og kose seg litt. Så eg ser på dette som ei fin løysing, seier han. Børresen er likevel oppteken av at heimkommunen må ta grep. I ein marknad der stadig fleire kjøper opp bustader for utleige, blir unge etablerarar som han sjølv skvisa ut.

Håvard Børresen er kritisk til at problemstilling ikkje har blitt tatt tak i tidlegare. Han meiner kommunen og utbyggjarar må skunde seg og byggje fleire bustader i Hemsedal. I dag er utvalet tynt, og prisane alt for høge.

– Når du tener gode pengar på det vil du gjerne fortsette. Hadde eg hatt mogelegheita, så hadde eg sikkert gjort det sjølv. Men realiteten er at færre bustader er tilgjengeleg, og det dreg opp både bustad- og leigeprisane, seier han.

Børresen håpar at kommunen og utbyggjarar vil ta grep. Han meiner problematikken har blitt løfta altfor seint:

– Eg håpar at dei som sit på tomter som er mogelege å byggje ut får ut fingeren. Ting går sakte, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om han helst skulle budd i same kommune som han jobbar, ser Håvard Børresen lyst på den nye kvardagen med eigen leilegheit i Gol.