Nedlegging av treforedlingsindustri har gitt utfordringar for skogbruksnæringa. – Det siste me treng er ei skatteskjerping, seier dagleg leiar i Hallingskog, Gudbrand Gulsvik. (Arkivfoto)
Nedlegging av treforedlingsindustri har gitt utfordringar for skogbruksnæringa. – Det siste me treng er ei skatteskjerping, seier dagleg leiar i Hallingskog, Gudbrand Gulsvik. (Arkivfoto)

Dyrt å eige skog

– Ufatteleg. Dette må vere ei arbeidsulukke i Finansdepartementet, seier Gudbrand Gulsvik.

Gulsvik er dagleg leiar i Hallingskog og nestleiar i styret i Viken Skog SA. Han reagerer med vantru på framlegget frå finansminister Siv Jensen (Frp).

Grønt «ordskifte»

Samtidig som regjeringa la fram forslag til statsbudsjettet i haust, la Jensen også fram forslag til skattereforma «Bedre skatt». Eitt av framlegga er å doble formuesverdien for skog frå 2017. IfølgjeNationen, som fyrst skreiv om saka, har nesten halvparten av landets 130.000 skogeigarar så store skogsverdiar, at dei betaler formuesskatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At ei blå regjering vil doble formuesskatten på skog, er ikkje til å tru. Men det er lov å snu i tide. Viss politikarane meiner noko med det grøne skiftet, som alle pratar om, må det bli noko meir enn eit grønt ordskifte. Eg kan ikkje tenkje meg at dette forslaget blir vedtatt i Stortinget, seier Gulsvik.

– Det siste næringa treng

Viss Stortinget derimot vedtek reforma utan endringar, betyr det dobbel formuesskatt også for mange skogeigarar i Hallingdal. Gulsvik seier det er vanskeleg å svare på kor mange av skogeigarane i Hallingdal som eventuelt blir råka av skatteskjerpinga.

– Det er mange som står oppført med formue på skogen. Det treng ikkje bety anna enn at dei har lite gjeld. Då får dette eit utslag, seier han.

Magre år i skogen

Nedlegging av treforedlingsindustrien på Tofte, Follum og Peterson i Moss, har skapt utfordringar for skogeigarane.

– Det er ingen gullalder for skogbruket. Foredlinga av tømmer i Buskerud er nesten ein tidel av det det var for fem år sidan. Industrien er lagt ned, men hogsten har halde seg på grunn av svekka norsk krone. Det har gjort det interessant for svenskane å kjøpe norsk tømmer. I dag går annankvar tømmerstokk til eksport ut av landet. Marknaden har blitt lenger unna og kostnader til transport er auka. Transportkostnadene fører til at verdien av tømmeret blir lågare enn før. I den konteksten er skatteskjerping det siste skogbruksnæringa treng, seier han.

Mindre att til investeringar

– Vil forslaget føre til meir eller mindre hogst?

– Det fører verken til meir eller mindre hogst, trur eg, men det fører til lågare disponibel inntekt for skogeigarane. Konsekvensen av at bøndene sit att med mindre, er at det blir mindre pengar til investeringar på gardsbruka. Det er eit steg i feil retning. Det er ikkje kroken på døra, men det blir mindre lønsemd i å drive med skogbruk. Dette er ein skatt til skogeigarar, anten dei har inntekt frå skogen eller ikkje, seier Gulsvik.

* Forslaget om å doble formuesverdien for skog er ein del av stortingsmeldinga «Bedre skatt – En skattereform for omstilling og vekst», som vart lagt fram i oktober.

* Hovudmålet med reforma er å redusere skatte- og avgiftsnivået for å auke verdiskapinga.

* Dersom Stortinget gir si tilslutning, vil endringane for skogskatten gjelde frå 2017.

* Saka skal behandlast i Stortinget 15. mars. Innstillinga frå finanskomiteen skal liggje føre seinast 1. mars.