E-post: Denne meldinga er sendt ut til diverse personar. - Heilt klart fake, seier politistasjonssjef Brit Fyksen.

«Du er gjenstand for flere rettssaker for besittelse av barnepornografi ...»: – Dette er heilt klart fake

Inger-Brit Vindegg gjennomskua e-posten raskt, men lurer på om det er mange andre som har fått den same.

– Nei, eg vart ikkje skremd. Eg såg med ein gong at det var noko galt, seier Inger-Brit Vindegg på Ustaoset.

Inger-Brit Vindegg avslørte avsendaren ganske så raskt.

Politidirektør Olafsen

Sundag kveld tikka meldinga inn på e-posten hennar. Avsendar var politidirektør Arne Jørgen Olafsen, ein person som etter litt undersøking viser seg ikkje finst. E-postadressa var også suspekt: politiavdelingen@gmail.com.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Vi kontakter deg etter databeslag av cyber-infiltrasjon. Du er gjenstand for flere rettssaker for besittelse av bilde Barnepornografi - Cyber pornografi - Barnekriminalitet. IP-adressen din har blitt målrettet av en Internett-undersøkelse utført diskret av sensuroverholdelsesenheten til ditt lands innenriksdepartement», heiter det i teksten.

Les også
Prøvde å svindle Halldis for 150.000 kroner: – Eg er ikkje lettlurt

Vidare står det at ein har fleire bevis på lovbrot, og at avsendaren må gi sine grunngjevingar for tiltalen ved å svare på e-posten.

«Dette innen en streng periode på 72 timer», heiter det. Vidare kan det vente både arrestordre og eksponering i media. «Du vil bli registrert som seksualforbryter på slutten av nevnte prosedyre. Du blir nå advart», står det i brevet frå politidirektør Arne Jørgen Olafsen med både PST-logo, riksløva og norsk flagg

– Forsøk på svindel

– Ja, det er nokre som har kontakta oss etter å fått slike e-postar, seier politistasjonssjef i Hallingdal, Brit Fyksen.

Ho understrekar at Arne Jørgen Olafsen IKKJE er politidirektør.

– Dette er forsøk på svindel. Politiet sender aldri sensitiv informasjon på e-post, og politiet brukar domenet politiet.no, presiserer ho.

Politistasjonssjef i Hallingdal Brit Fyksen.

Kan ende i bedrageri

Brit Fyksen seier det er viktig at folk er kritiske, gjer undersøkingar og IKKJE svarar eller oppgir personleg informasjon.

– Her blir ein invitert til noko som potensielt kan bli eit problem og ende i bedrageri. Dette er heilt klart fake, seier Brit Fyksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viss ein svarar og gir frå seg sensitive opplysningar, kan desse i neste omgang bli nytta for utpressing.

Les også
Svindel: Folk ringer og gir seg ut for å vera frå statsforvaltaren

Det skjer ofte

Inger-Brit Vindegg skjønte med ein gong at dette var tull og tøys.

– Eg såg det på tittelen: Til din oppmerksomhet, på formuleringane og adressa. Men dette skjer så ofte, folk gir seg ut for det eine og det andre. Denne var lett avsløre, ja, nesten litt «morsom», men andre kan vera vanskelege. For eksempel folk som gir seg ut for å representer posten eller banken, seier Inger-Brit Vindegg.

Les også
Ordføraren svarar på innflyttarkritikk: – Det gjeld å kome seg ut av døra
Les også
Ho er nummer to på fylkeslista til Høgre - seks andre hallingar på same liste
Les også
Musikaren har løfta fram eit «gløymt» instrument - i dag fekk han kulturprisen: – Stas å bli sett pris på