Kåre Lybekk (nærast)  og Bjørn Tore Moger dreiv i fjor taksering av eigedommar i Nes. (Arkivfoto)
Kåre Lybekk (nærast) og Bjørn Tore Moger dreiv i fjor taksering av eigedommar i Nes. (Arkivfoto)

Dragkamp om meirinntekt

Nytakseringa vart forseinka – og Nes kommune kom i tidsnaud.

Derfor vart kommunestyret innkalla til møte torsdag med berre ei sak på sakslista; eigedomsskatten for 2012.

Eigedomsskatten blir skriven ut 1. mars. Men arbeidet med nytakseringa som har vore gjennomført, vart ikkje ferdig. Derfor vedtok kommunestyret ei mellombels løysing, ei såkalla kontorjustering. Det betyr at ein vidareførar dei takstar som allereie er vedteke med eit tillegg på ti prosent. Det gir kommunen ei auka inntekt på 200.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Usamde

Rådmannen foreslo å bruke meirinntekta til å justere det berekna skatteanslaget.

Kjell Ålien (Ap) derimot meinte at den auka inntekta skal disponerast av formannskapet og brukast til enkle formål.

– Eg redd for å auke denne budsjettposten så tidleg i året. Eg går ut i får at me seinare får ein budsjettreguleringssak. Då kan me ta stilling korleis pengane skal brukast, sa Gerd Eli Berge (Sp).

- Til noko positivt

– Eg har tiltru til at pengane ikkje blir brukt i utrengsmål, svara Ålien.

– Eg er heilt samd med Ålien. Eg trur ikkje formannskapet vil misbruke pengane, sa Alf Majormoen (Bygdelista).

Han meinte at den auka inntekta frå eigedomsskatten kan brukast til å løyse problem og skape noko positivt i bygda.

Ålien gjekk sigrande ut av dragkampen om pengane. Formannskapet får disponere pengane – mot fem stemmer.