Hallvor Lilleslett (V).
Hallvor Lilleslett (V).

- Dette er uproblematisk

Varaordførar Hallvor Lilleslett (V) synest ikkje det er problematisk at utbyggjar no vil leggje fram nye planar.

– Politikarane må sjølvsagt gjere vedtak i prinsippsaka om Geiteryggen før me tek stilling til eventuelle nye planar. Men viss dei ønskjer å informere om ideane sine, synest eg det er greitt. Det er sjeldan eit problem å bli opplyst. Det er ikkje uvanleg at utbyggjarar presenterer planane sine, og politikarane skal ikkje gjere noko vedtak etter ei slik orientering, seier han.

Lilleslett tilhøyrde mindretalet som var imot at planen vart lagt ut på høyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politikarane hadde sagt at ei utbygging av næringsareal på Geiteryggen skulle vere terrengtilpassa. Det var ikkje denne planen, difor var eg imot at planen skulle leggjast ut på høyring. Det har eg ikkje endra syn på, seier han.

At Geiteryggen ikkje har kome opp til politisk behandling, skuldast kapasitetsproblem i administrasjonen, trur Lilleslett.