Pantelotteriet gir gode inntekter til lokallaga til Røde Kors.

Det er pengar i tomgods: Så mykje fekk dei lokale Røde Kors-laga frå Pantelotteriet

Pantar du flasker og gir inntektene til Røde Kors, dryp det også på lokallaga.

No er oppgjeret for 2021 klart. Buskerud Røde Kors får til saman 3,7 millionar kroner frå Pantelotteriet. Det er ein auke på 23 prosent frå året før. Pengane blir overført til lokallaga til Røde Kors.

Kronene kjem frå panteautomatane i butikkane, der folk kan velje å gi panten til Røde Kors dersom ein ønsker det.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Hallingdal tronar Gol og Hemsedal Røde Kors på topp. Laget får overført 119.530 kroner frå fjorårets Pantelotteri. Det er pengar som kjem godt med i den daglege drifta av laget.

Slik fordeler inntektene frå Pantelotteriet 2021 seg lokalt i Hallingdal:

* Gol og Hemsedal Røde Kors: 119.530 kr

* Geilo Røde Kors: 72.161 kr

* Nesbyen Røde Kors: 58.876 kr

* Ål Røde Kors: 54.553 kr

* Nore og Uvdal Røde Kors: 30.447 kr

* Hovet og Hol Røde Kors: 19.175 kr

Artikkelen held fram under annonsen.

* Flå Røde Kors: 16.429 kr

– Dette er svært gode nyheiter for det humanitære arbeidet i Buskerud. Pengane går tilbake til lokalmiljøet i form av auka beredskap, omsorgstenester og ei rekkje tilbod til unge og eldre, seier Johan Audestad, distriktsleiar i Buskerud Røde Kors.

Røde Kors nasjonalt fekk 110 millionar kroner frå Pantelotteriet i 2021. Halvparten av pengane går til lokallaga, resten til nasjonale og lokale aktivitetar og beredskap.

Les også
Det nyttar å søke: Desse fekk fritak frå eigedomsskatten
Les også
Dei tre som sat vêrfast i fjellet er funne - vart frakta ut
Les også
Gir ein halv million til arbeidet med ukrainske flyktningar