Sommarvikarar: Sommarvikarane i Hallingdølen 2024. Frå venstre: Kristiane Bekkestad, Liv Lilleslett, Beate Bjella, Jonas Sandboe og Tonje Halbjørhus

Desse fem held hjula i gang i avisa i sommar: – Fått sansen for å fortelje andres historier

I sommar har Hallingdølen fem supervikarar på plass når den elles travle redaksjonen skal ut i ferie.

Om du ikkje har sett dei enno, er det ikkje for seint. Denne kvintetten blir verande til langt ut i august, og dei tek meir enn gjerne i mot tips ifrå deg på kva som rører seg i Hallingdal i sommar.

Beate Bjella, Liv Lilleslett og Kristiane Bekkestad gyv laus på sin andre sommar i Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei kom som ein varm sommarvind i 2023 og har fått fornya tillit frå redaktør Lillian Holden også i år.

Les også
Desse fire er årets sommarvikarar i Hallingdølen: – Held eit skyhøgt nivå

Også Jonas Sandboe er også eit kjent fjes på kontoret i Sundrevegen. Han studerer fotojournalistikk ved OsloMet og var to veker i praksis hjå Hallingdølen rundt påsketider i år.

Her fekk han blant anna ein frisk tur til fjells då han var med toget til Finse under den historiske avlysinga av Skarverennet 2024.

Les også
I praksis som fotojournalistar: – Eg fekk biletet mitt på framsida fyrste dagen, det var kult

Musikar og skribent

Siste dame på plass på Sundre er Tonje Halbjørhus. Heller ikkje ho er ukjent for ein som les Hallingdølen. 32-åringen har i fleire år følgt draumen om å bli artist, noko ho har lykkast med. I det seinare har ho fått meir og meir sansen for tekst og historieforteljing - då passar ein sommar hjå favoritt-avisa heilt utmerkt.

– Eg er musikar og låtskrivar, men har i dei seinare åra verkeleg fått sansen for å fortelje andres historier. Eg elskar å skrive, seier ho.

Hemsedølen har jobba som frilansjournalist og har eitt år igjen av studiet som tekstforfattar. Neste år skal ho også skrive ferdig ein bachelor i medier og kommunikasjon.

– Eg har vakse opp med Hallingdølen og lese ho sidan eg var lita. Eg har også vore avbilda ein del i forbindelse med musikkprosjekt eg har hatt.

Ho skryt av kulturdekninga til lokalavisa ho no er tilsett i, og meiner det har vore til hjelp for ho som musikar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg trivst best bak kamera. Eg har jobba frilans til no og kjenner det er deilig med fast jobb. Også er det mange koselege, jordnære kollegaer.

Ikkje avgjort

Om framtida er Halbjørhus framleis i tenkeboksen. Før var målet å leva av musikken, no seier ho at det er godt å senke skuldrene.

– Musikk er gøy når eg slepper å tenke at eg skal tene pengar på den. Men ikkje lat det vera tvil, eg elskar å jobbe med musikk.

– Men kan du ende opp som journalist på heiltid?

– Eg har ikkje bestemt meg. Eg testar litt forskjellig. Men noko med historieforteljing og tekst blir det nok, smiler ho.