Det er truleg den vestre delen av Gol sentrum som er råka av vasslekkasjen.

Har funne lekkasjen - folk har fått vatnet tilbake

Gol kommune fekk tysdag kveld brot på ein hovudvassledning til sentrum.

Brotet vart ved 21.15-tida lokalisert til Glitre-området, nærare bestemt ved Hovli Auto. Dei abonnentane som vart råka får no vatn via ein alternativ ledning.

Det var ved 20.30-tida tysdag kveld at det oppstod brot på hovudvassledningen. Store delar av sentrum vart utan vatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avdelingsleiar Elin Tangen ved kommunalteknisk avdeling seier dei no vil vera på den sikre sida. I samråd med kommunelegen blir alle som mista vatnet tilrådde om å koke drikkevatnet inn til vidare.

– Dette gjer me for å vera heilt sikre på at folk skal unngå bakteriar. Abonnentane vil bli informert via SMS om det som har skjedd og om når det igjen blir trygt å drikke vatn direkte frå krana, opplyser Tangen.

Les også
Karantenebrot — 20.000 i bot
Les også
To vogntog i trøbbel - både Rv7 og Rv52 vart sperra