Dei to store på Geilo: – Me blir sterke allierte og samarbeidspartnarar
Geilogruppen og Geilo Holding løftar aktiviteten på Geilo Lufthavn Dagali. For første gong skal dei to største næringsaktørane på Geilo samarbeide om eit felles prosjekt.
– Me blir sterke allierte og gode samarbeidspartnarar, seier Pål G. Gundersen.
Det er han og Geilogruppen som kjøper aksjane i selskapet av Hol kommune. Prisen er 9,5 millionar kroner. Salet vart vedteke av kommunestyret 13. november i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gundersen inviterte
Men med på laget kjem Geilo Holding, som er eigd av Arne Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen.
– Arne og eg har kjend kvarandre i snart 20 år, men aldri eigd noko saman. Dette var ei passande opning, og me inviterte dei med, seier Gundersen.
Hotelleigaren og investoren trur dette kan vere starten på eit samarbeid som kan få til mykje dei neste åra. Samarbeidet mellom dei to største aktørane i Hol, var også eit naturleg steg å ta, meiner Gundersen.
- Me kjenner kvarandre godt og har samanfallande interesser. Me er tent med å køyre i same retning og vekse vidare saman.
Dei to største
Og føresetnadene for vidare vekst bør vere gode. For det ligg tyngde og gjennomføringskraft på alle plan bak dei to selskapa. Geilogruppen, som er eigd av Gundersen, har med sine tre hotell Vestlia Resort, Bardøla Høyfjellshotell og Highland Lodge, hand over 1600 hotellsenger. Geilo Holding eig så nær som alle skianlegg på Geilo. Selskapet er eigd av Ivar Tollefsen og Arne Pålgardhaugen gjennom deira to selskap Kikut Eiendom AS og Fredensborg AS. Frå dei overtok Geilo Skisenter i mars 2017, har alpinproduktet vorte heva fleire hakk. Selskapet har også store utbyggingsplanar med leilegheiter og heisar.
«Evigheitsperspektiv»
Pålgardhaugen har saman med Gundersen stor tru på samarbeidet på Dagali. Dei trur ringverknadene for Dagali, Geilo og Hol kan vere store.
– Me skal først og fremst bygge oppunder næringa me alt har, ved å skape innhald i destinasjonen. Me skal også bygge oppunder det som alt er av aktivitet her i Dagali, seier Pålgardhaugen.
- Eit poeng er også at eigedomen kjem på lokale hender med eigarar som har eit «evigheitsperspektiv», seier Håvard Staff Brenno som representerer Tollefsen-selskapet Fredensborg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Testsenter for bilindustrien
Etter at Dagali flyplass vart lagt ned for kommersiell drift på starten av 2000-talet, har mykje av aktiviteten vore bil- og motorsport. Og slik skal det halde fram. Men i tillegg skal det satsast mot å etablere eit testsenter for bilfabrikantar.
– Det er behov for ein testarena. Marknaden er stor, seier dei nye eigarane.
Gundersen viser til 2016 då Subaru reserverte 30 rom på Bardøla og budde der i seks veker for å teste bilar. Nord i Sverige og Finland er slike testsenter ein stor industri. Men topografi, klima og avstanden til kontinentet gjer Dagali minst like interessant, meiner dei nye eigarane.
– I tida framover blir det idémyldring. Og så må me nok rundt til ulike miljø og prate med folk, seier Pålgardhaugen.