– Dei må sitja på tvang og vente. Då kan eg like godt tvangsinformere dei
I staden for å sitje med nasen i mobiltelefonen, får dei som ventar ei innføring i bruk av hjartestartar.
– Eg sjekkar også at dei har 113-appen på telefonen når dei kjem inn. Dei kjem kanskje inn utan å ha han — men dei kjem ikkje ut att utan 113-appen, ler Harald Lystad.
Han møter folket i kultursalen til Hemsedal kommune. Det er inn hit dei kjem, dei som har teke vaksinen og skal vente dei obligatoriske 20 minutta før dei er fri.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nytte tida
Då Harald Lystad fekk spørsmål om å hjelpe til, var han fyrst «nålestikkar». Då han skulle sørge for å halde oppsikt på venterommet, fekk han ideen om å bruke tida fornuftig.
– Me hadde noko liknande då me vaksinerte for svineinfluensa, fortel han.
I romjula starta han på venterommet med å gi dei som venta etter covid-vaksinen ei innføring i bruk av hjartestartar. Om lag kvar halvtime.
– Dei må sitja på tvang og vente. Då kan eg tvangsinformere dei i bruk av hjartestartar, smiler legen. Han har lånt utstyr av Jørn Fossnes som driv undervisning i slikt.
Tilhøyrarane har vore veldig positive til tiltaket.
– Me veit at mange er redde for å bruke ein hjartestartar. Dei trur ofte at ein må ha kurs. Men ein kan ikkje gjere noko gale. Det verste som skjer, er om ein ikkje gjer noko som helst. Hjartestartaren gir instruksjonar heile tida, fortel Lystad.
Må gi tilgang
Når ein har lasta ned 113-appen, må ein hugse å aktivere appen. Altså registrere seg og gi appen tilgang til telefonen når appen er i bruk.
– Det er litt av vitsen. Då veit helsepersonell kor dei kan hente deg om du har knekk foten på ski, fortel Lystad. Han oppdaga at fleire hadde appen, men at dei hadde ikkje aktivisert den.
Artikkelen held fram under annonsen.
Er uhellet ute og du må trykke på knappen, får du også råd og instruksjonar direkte frå folk på AMK. Hugs å slå på høgtalaren. AMK kan då mellom anna fortelje deg kor nærmaste hjartestartar er, og dessutan gi rettleiing undervegs.
Hjarte- og lungeredning
Det første ein gjer, er sjølvsagt å sjekk om vedkommande pustar. Så startar ein hjarte og lungeredning. Trykk 30 gonger og blås to, fortel Lystad til salen. Trykker ein 113, fortel dei kva som skal skje og kva du må gjere.
– Her i Hemsedal har me mange hjartestartarar — som er tilgjengelege heile døgnet. For fire år sida fekk me 100.000 krone av Helselaget til innkjøp og 25.000 kroner til løpande utgifter, fortel Lystad. Alle kan å gå inn på hjartestartar-registeret og sjå kor i kommunen du finn hjartestartarane.
– Bodskapen er at hjartestartaren er ingen ting å vere redd for. Den er enkel å bruke, seier Lystad. Han kjem med mange gode tips undervegs. 20 minutt går på eit blunk.