Dei fekk ein ide: Leksefri skule i Flå
Dei samla inn over eitt hundre underskrifter til støtte for ei leksefri skule i Flå - og fekk mykje ros og respons hjå politikarane.
For initiativet til 8.-klassingane Johanne Støen Haraldseth, Sigrid Stillingen og Honey Liza Camillas Camposano hamna i kommunestyret torsdag, som ei eiga sak. Initiativet resulterte i at det no skal setjast ned ei arbeidsgruppe som skal gå vidare med forslaget deira. Kristian Akervold frå Bygdelista sa det slik:
– Dette er eit veldig bra initiativ, som viser at viss du vil endre noko må du seie ifrå og gjere noko med det.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sigird Hauglann Grimeli (Sp) følgde opp:
– Dette er ei god sak, og eit godt initiativ.
– Har trua
Jentene er både svært fornøgde og overraska over dei positive reaksjonane i kommunestyret.
– Me hadde ikkje trudd at me skulle blir tekne så seriøst. Men me meiner alvor, og leksefri skule har me trua på, seier jentene.
– Korleis fekk de ideen?
– Me skulle skrive ei oppgåve om kva me brydde oss om. Det blir enklare for elevar å få eit betre forhold til ein leksefri skule. Dagen blir lang når ein etter seks timar på skulen må setje seg til med leksene heime. For mange er det eit problem, seier Johanne.
Samla underskrifter
Ein medelev sette dei på ideen om å lage ein underskriftskampanje. Og det gjorde dei.
– Me har vore på jobben til foreldra våre og fått underskrifter, og på skulen har det vore nesten full oppslutnad.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva meiner lærarane?
– Nokre er positive og har skrive under, andre er meir skeptiske.
Dei samla inn 106 underskrifter som dei gjekk til rektor med. Han tok det vidare.
– Vil koste
– Eit bra initiativ, seier rektor Nils Røkkum.
Sjølv vil han ikkje tone flagg no. Det må hentast inn informasjon frå kommunar som har prøvd dette. Men det vil koste, for skuledagane blir lengre, seier han.
Til det seier jentene:
– Skuledagen er lang som han er ettersom me må gjere lekser heime etter skuletid. Då er det betre å jobbe på skulen med lærarhjelp.
– Kva erfaringar har skular som har prøvd ut dette?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Etter det me har høyrt er resultata gode.
– Når blir Flå skole leksefri?
– Det vil nok ta tid. Kanskje når me går i tiande klasse. Men uansett har me sett i gang noko, og det er all right å høyre at me får skryt for å ha gjort det, seier Johanne, Sigrid og Honey.
Går i gang
Kommunestyret valde tre representantar til arbeidsgruppa som, ifølgje mandatet, skal vurdere innføring av heilt eller delvis leksefri skule. Kommunestyret valde Mette Johansen, Steinar Andre Steinarsson og Ole Eilev Seterstøen. I tillegg skal tre frå administrasjonen vere med, og elevrådet skal utnemne eit medlem.