Det er inne her dei har størst grunn til å vere fornøgd med skatteinngangen i 2011. (Arkivfoto)
Det er inne her dei har størst grunn til å vere fornøgd med skatteinngangen i 2011. (Arkivfoto)

Dårleg skatteinngang

Hallingdalskommunane fekk inn 26,5 mill. kroner mindre i skatt i 2011 enn året før. Berre tre av kommunane nådde budsjettet sitt.

Etter signal som var komne frå departementet, var det forventa ein viss nedgang i skatteinntektene frå 2010. Alle kommunane hadde difor også budsjettert lågare i 2011 enn året før.

Men ikkje alle hadde teke hardt nok i. Tala syner at det berre var Hol, Ål og Flå som nådde opp til den budsjetterte skatteinngangen. Hjå dei andre kommunane var svikten størst i Gol, som mangla godt over 5 mill. kroner på å nå budsjettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

På 2008-nivå

I statsbudsjettet for 2011 vart skattøret til kommunane justert ned. Det var direkte årsak til at kommunane også budsjetterte med lågare skatteinngang enn året før.

Halvvegs i året såg det lovande ut i Hallingdal. Ved utgangen av juni var svikten på berre 200.000 kroner frå same periode i 2010. Men dei siste seks månadene vart atskilleg dårlegare. Ved utgangen av året hadde dei seks kommunane i dalen fått inn til saman 479,9 mill. skattekroner. Det er over 26 millionar mindre enn i 2010, og også 10 millionar mindre enn i 2009. Skatteinngangen i fjor var tilbake på same nivå som i 2008.

I reine kroner var det Gol og Ål som hadde den største nedgangen frå 2010, Gol med 8,8 millionar og Ål med 7,2 millionar.

Gledeleg for Hol

Om ein kan tale om ein «skattevinnar» i Hallingdal i 2011, så var det Hol. Kommunen hadde den minste svikten frå året før både i kroner og prosent, og var også den kommunen som kom best ut i forhold til budsjett, med 2,4 mill. kroner over. Men ikkje minst er tala for Hol gledelege med bakgrunn i dei to føregåande åra. Både i 2010 og 2009 måtte Hol tole kjempesmellar og fekk inn mellom 15 og 20 mill. kroner mindre enn budsjettert.

– Me har god grunn til å vere fornøgde med skatteåret 2011. Lenge såg det ikkje så sprekt ut, men mykje retta seg opp frå og med november. Naturressursskatten har også slått positivt ut for Hol og er ei sterkt medverkande årsak til at me når budsjettet med god margin, seier økonomisjef Ole Bjørn Flatåker.

I 2012 har Hol auka skattebudsjettet med ein halv million i forhold til 2011. Det meiner Flatåker er nøkternt budsjettert ut frå signala som ligg føre.

Ingen krise

Gol og Hemsedal er dei kommunane der skatteinngangen i fjor svikta mest i forhold til det som var budsjettert. Gol mangla heile 5,4 millionar på å nå budsjettet, Hemsedal mangla 2,9 millionar. Svikten utløyser likevel inga krisestemning i nokon av kommunane. Mykje vil bli retta opp att med auka rammetilskot frå staten.

– Men tapte inntekter er tapte inntekter. Og me vil veldig gjerne greie den budsjetterte skatteinngangen no i 2012, seier rådmann Sveinung Halbjørhus i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmann Hege Mørk i Gol svarar slik på spørsmål om skattesvikten skaper ekstra utfordringar:

– Det vil det alltid gjere. Men me har ikkje den fullstendige oversikta enno.

I forhold til innkomen skatt i 2011, er det også Gol som har budsjettert friskast i 2012, med ein auke på 7,5 prosent. Også Nes må ha ein auke på over 7 prosent for å nå budsjettet. Hol bør ha alle sjansar til å kome best ut også i 2012. Som einaste kommune er det budsjettert med ein lågare skatteinngang enn det som kom inn i 2011. 1,9 mill. kroner lågare, for å vere nøyaktig.

FL�

Skatt 2011: 21,2 mill.

Skatt 2010: 22,1 mill.

Endring: – 4,1 %

Budsjett 2011: 21,1 mill.

Budsjett 2012: 22,1 mill.

Artikkelen held fram under annonsen.

NES

Skatt 2011: 69,2 mill.

Skatt 2010: 75,6 mill.

Endring: – 8,5 %

Budsjett 2011: 69,3 mill.

Budsjett 2012: 74,1 mill.

GOL

Skatt 2011: 98,7 mill.

Skatt 2010: 107,5 mill.

Endring: – 8,2 %

Artikkelen held fram under annonsen.

Budsjett 2011: 104,1 mill.

Budsjett 2012: 106,1 mill.

Hemsedal

Skatt 2011: 53,3 mill.

Skatt 2010: 55,9 mill.

Endring: – 4,7 %

Budsjett 2011: 56,2 mill.

Budsjett 2012: 56,2 mill.

ÅL

Skatt 2011: 103,6 mill.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skatt 2010: 110,8 mill.

Endring: – 6,5 %

Budsjett 2011: 103,0 mill.

Budsjett 2012: 110,5 mill.

HOL

Skatt 2011: 133,9 mill.

Skatt 2010: 134,5 mill.

Endring: – 0,4 %

Budsjett 2011: 131,5 mill.

Artikkelen held fram under annonsen.

Budsjett 2012: 132,0 mill.