Dårleg jakt på Vidda – middels i Nordfjella
Årets reinsjakt kjem ikkje til å bli skrive med store bokstavar villreinhistoria.
Sjølv om jaktstatistikken ikkje er klar, kan ein fastslå at utbyttet på langt nær vart så bra som i fjor. Det vart felt i overkant av 1000 dyr på Hardangervidda og rundt 400 i Nordfjella.
Dårleg på Vidda
– Me har ikkje fått inn alle jaktkorta enno. Men totalt sett for heile Hardangervidda vart det ei dårleg jakt. Uttaket ligg an til å bli mellom 1000 og 1200 dyr som er godt under kalvetilveksten på rundt 2000, seier sekretæren i villreinutvalet, Svein Erik Lund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinterstamma på Hardangervidda er for tida på rundt 11.000 dyr og skal ifølgje bestandsplanen ikkje vera over 12.000. At stamma aukar med nokre hundre dyr som eit resultat av dårleg jaktuttak, ser ikkje Lund på som stort problem på kort sikt.
– Det var relativt liten kalvetilvekst i år, så det blir ein stammeauke på rundt 500, seier han.
Best i Telemark
Også i år er det jegerar i Telemark-terrenget, og spesielt i Vinje, som har jakta best. Men også tinndølene har skote bra.
I Buskerud og Hordaland vart utbyttet svakt. Numedølene var langt frå å kopiere rekordjakta i fjor.
– I Nore og Uvdal er det nesten berre i statsallmenningen det er felt dyr. På dei private terrenga var det nesten ikkje dyr, seier Svein Erik Lund.
Jaktresultatet for Hardangervidda villreinområde blir offentleggjort under oppsummeringsmøtet/haustmøtet på Skinnarbu i slutten av november.
400 i Nordfjella
Heller ikkje i Nordfjella vart jaktutbyttet like bra som i fjor. Leiar i villreinutvalet, Lars Nesse, karakteriserer reinsjakta som middels.
– Eksakte tal har eg ikkje i hovudet, dei vil koma i oppsummeringsrapporten. Det vart felt rundt 400 dyr av ein kvote på 1100. Uttaket er mindre enn i fjor, men i takt med kalvetilveksten som var dårleg i år på grunn av den seine våren, seier Nesse.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kvar vart det jakta best?
– På nordsida av Fv50 vart det i Hemsedal, Ål og delar av Lærdal som fekk størst utbytte. På sørsida var det aurlendingane som jakta best. Alt i alt var det ei middels jakt, men ein utruleg fin haust.