Dårleg jakt på Vidda
Berre femte kvart dyr av ein kvote på 6.020 vart felt under reinsjakta på Hardangervidda. Det er hovudårsaka til at fellingsprosenten vart rekordlåg på landsbasis.
Fasiten frå årets villreinjakt er klar. Av ein totalkvote på 16.660 i alle villreinområda vart det felt 5.450 dyr, noko som gir ein fellingsprosent på 33.
Svakt på Hardangervidda
Statistisk sentralbyrå opplyser at 33 prosent er den lågaste fellingsprosenten som er registrert på landsbasis etter tusenårsskiftet. Viktigaste årsaka til det er den dårlege jakta på Hardangervidda som er landets største villreinområde.
Artikkelen held fram under annonsen.
På Hardangervidda vart det berre tatt ut 1.190 dyr av ein kvote på 6.020. Det gir ein fellingsprosent på 20. Dårleg vêr førde til at dyra i store delar av jakta klumpa seg saman i eitt område.
Samanlikna med fjoråret er det ein klar nedgang på Vidda. Då var kvoten 1.000 mindre og utbyttet 200 dyr meir.
Stabilt på landsbasis
På landsbasis er ikkje nedgangen dramatisk sjølv om fellingsprosenten gjekk ned tre prosent. Det skuldast at kvotane var sett opp i fleire område.
– Utbyttet har vore stabilt siste åra sjølv om det vart felt litt færre dyr enn i fjor. I dei fleste villreinområda er det små endringar frå fjoråret, heiter det i oppsummeringa.
I Nordfjella enda fellingsprosenten på 33 og likt med landsgjennomsnittet. Der vart det felt 366 dyr.
I Norefjell/Reinsjøfjell villreinområde ligg fellingsprosenten alltid på landstoppen. Det gjer han også i år. Der vart det felt 169 dyr som gir ein fellingsprosent på 86.