Laurdag gjekk 1795 turgåarar forbi det offisielle teljeapparatet på stigen opp Prestholtskaret. Det er rekord. Mange gjer som desse turistane gjorde tidlegare i sommar og forevigar augneblinken på toppen.
Laurdag gjekk 1795 turgåarar forbi det offisielle teljeapparatet på stigen opp Prestholtskaret. Det er rekord. Mange gjer som desse turistane gjorde tidlegare i sommar og forevigar augneblinken på toppen.

Dagsrekord for Pretsholtrunden

Aldri før har så mange gått Prestholtunden på Hallingskarvet som laurdag.

På den flotte oktoberdagen passerte 1795 turgåarar det offisielle teljeapparatet.

– På fem timar, frå klokka 10 til 15, er det ein ekstremrekord, seier Petter Braaten i Statens naturoppsyn (SNO)

Artikkelen held fram under annonsen.

Parkeringskaos

Og då var det tilløp til kaos ved Prestholt.

Det var ikkje nok parkeringsplassar til alle.

– Utfordringa er at alle kjem med eigen bil. Det var ekstremt laurdag, seier Braaten.

Han trur eit busstilbod for turgåarane for å lette på trykket. For det er mange tusen som dei siste åra har gått Prestholtrunden. Tala for august og september viser kring 16.000. Det er på same nivå som fjoråret.

– Me ser at tilrettelagde stigar er eit positivt verkemiddel for å få folk ut, seier Braaten.

Naturen toler turistane

Naturen tek heller ikkje skade av dei mange tusen turistane heller, meiner Braaten.

På dagar som laurdag, med svært mykje folk i stigen, går mange utanfor stigen fordi den blir for trong. Det skapar litt ekstra slitasje. Difor er også stigen utvida nokre stader i år. – Naturen toler dette. Den har ikkje teke skade av turgåarane. Men det er litt slitasje langs stigen med eit behov for vedlikehald, seier Braaten.

Og utruleg nok, med så mykje folk opp og ned den spektakulære stigen har det ikkje vore ei einaste ulykke. Laurdag reknar Braaten med at 3000 menneske har passert kvarandre på stigen på veg opp eller ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

– SNO skal legge til rette for gode naturopplevingar. Tala viser at det fungerer når det er godt lagt til rette, seier Braaten.