Bygger ut idrettsanlegg for 9,8 millionar
Kunstgrasbanen på Bråta, motocrossbanen på Oppsjø, og eit tilbygg på Liatoppen er under arbeid. Samla kostnad er på vel 9,8 millionar kroner.
Det er stor byggjeaktivitet på anleggsfronten i Ål. Tre idrettsanlegg er under opparbeiding og oppgradering.
9,8 millionar
Totalkostnaden for dei tre anlegga er på vel 9,8 millionar kroner. Alle får statlege spelemidlar. Men det inneber også eit økonomisk krafttak for Ål kommune som må ut med 2,9 millionar i tilskot.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen følgjer også tidlegare praksis og forskotterer statlege spelemidlar. Men ettersom kapitalfondet er tomt, må kommunen låne pengar til forskottering og dele renteutgiftene med utbyggjaren fram til spelemidlane blir utbetalt. Saka var oppe til sluttbehandling i kommunestyret torsdag.
Kunstgras på Bråta
Største investeringa er kunstgras på grusbanen på idrettsanlegget på Bråta. Fotballgruppa i Ål idrettslag såg ingen annan utveg enn å gå laus på ei storinvestering på vel 5,1 millionar kroner. Sviktande oppslutning om den årvisse fotballcupen var klar tale om at fotball på grus høyrer fortida til.
– Arbeidet har gått raskare enn me trudde, sjølv om det vart meir utskifting av masse enn me rekna med. Grunnarbeidet er i sluttfasen. Det ligg an til at graslegginga kan starte i midten av juni og vera ferdig tidleg i juli, seier Kåre Gåsbakk.
Eit 35 cm tjukt pukklag med fiberplast under må på plass før kunstgraset kan rullast ut.
Crossbane på Oppsjø
Motocrossbanen på Oppsjø har hatt eit langt svangerskap. Etter 10–12 års ørkenvandring med fleire alternative plasseringar fekk Hallingdal Motocrossklubb (MXK) klarsignal på Oppsjø i fjor.
Arbeidet med å byggje ein vel 1300 meter lang crossbane på austsida av den eksisterande opplæringsbanen, starta rett etter påske. Depotet, startflata og halve støyvollen er ferdig opparbeidd. Anleggsleiar Odd Steinar Skarsbø håpar heile banen er ferdig på seinsommaren eller tidleg på hausten.
– Arbeidet har gått greitt, men me er avhengige av å få tak i nok fyllmasse til å gjera ferdig heile støyvollen, seier Skarsbø.
Totalkostnaden på tre millionar kroner blir finansiert med 700.000 kroner i spelemidlar, 700.000 i kommunalt tilskot, 250.000 kroner frå Sparebank 1 Hallingdal og resten i eigeninnsats.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilbygg på Liatoppen
På Liatoppen Skisenter er det også byggjeaktivitet. Der skal det opp eit tilbygg med grunnflate på 54 kvadratmeter i to plan ved sida av det eksisterande. I underetasjen blir det garasje, i toppetasjen blir det større rennkontor og varmestugu. Byggjeprosjektet omfattar også fire nye toalett ved sida av dei eksisterande.
– Grunnmuren er ferdig støypt. Byggjearbeidet skal Ål vidaregåande skole utføre, så eg veit ikkje når dei kan starte. Nybygget blir neppe ferdig før neste år, seier Kåre Hagen.
Byggjeprosjektet har ei kostnadsramme på 1.686.000 kroner. Liatoppen Skisenter, Ål kommune og spelemidlar dekkjer ein tredel kvar.