Burettslaget gjekk konkurs - banken har krav på 16,4 millionar
I januar for eitt år sidan fraus sprinklaranlegget på gamle Ustaoset Hotell. Det var då dei første problema med bygget vart avdekt.
– Under arbeidet med utbetring av dette, vart det avdekt svakheiter i bygningens berekonstruksjonar, opplyste bustyraren, advokat Liv-Astrid Rustgaard Bjerke, i ei digital skiftesamling etter konkursen i Ustaoset Borettslag AS i Buskerud tingrett torsdag.
Utover våren 2024 vart nye skader avdekt, og burettslaget leigde inn Multiconsult for å vurdere bygningen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Rett før påske vart bygget stengt mens dei venta på sikringsarbeid, sa Bjerke.
Milliontap
Bakgrunnen for skiftesamlinga er svært spesiell. 19. desember sperra Hol kommune av gamle Ustaoset Hotell. Då hadde Ustaoset Borettslag AS meld oppbod 10. desember etter at leilegheitsbygget hadde vore stengt for bruk sidan juni.
Dette er ein av dei store eigedomsskandalane i Hallingdal, og mange leilegheitseigarar sit att med milliontap. Bygget er sperra av med politiband.
Årsaka til korleis dette kunne skje, er ikkje avdekt enno. Hypotesane er at utbyggingar av den gamle hotellbygningen over fleire tiår, anten aleine eller til saman, har påført skadene.
Dette er saka
* Hol kommune avgjorde 18. desember å legge ned bruksforbod på bygget som var gamle Ustaoset Høyfjellshotell fordi pålagde sikringstiltak ikkje var gjennomført.
* Multiconsult har avdekt «betydelege avvik» i den berande konstruksjonen og det er fare for personsikkerheit.
* Problema vart oppdaga i januar i fjor då det vart avdekt feil i eit sprinklaranlegg. Det førte til at feil i konstruksjonen vart oppdaga.
* 19. desember vart bygget sperra av og det vart oppretta sikringssone.
* Bruksforbodet gjeld til tilstrekkeleg sikring er dokumentert.
* Det var Ustaoset Borettslag AS som eigde bygget saman med Ustaoset Leiligheter 1—8 AS.
* Leilegheitene i andre til fjerde etasje var eigd av burettslaget. Burettslaget melde oppbod 10. desember.
* Danske Bank er største panthavar. Dei har varsla tvangssal.
* Vegg i vegg ligg Ustaoset Resort Sameie og Sameiet Hallingskarvet Appartement. Dei er ikkje direkte råka.
To eigarselskap
Ustaoset Borettslag AS vart stifta våren 2006 i samband med ombygginga av Ustaoset Hotell til leilegheiter med opning i 2007. Det hadde leilegheiter med 30 eigardelar i andre til fjerde etasje.
Førsteetasje og kjellaren er eigd av Kristiansand-registrerte Ustaoset Leiligheter 1-8 AS, som har hatt planar om åtte leilegheiter. Styreleiar, Josef Flatebø Schlezinger, ville ikkje svare på spørsmål om saka då Hallingdølen ringde tidlegare denne veka.
Bakgrunnen for konkursen var rapportar frå Multiconsult som viser at berande konstruksjonar har kritiske svakheiter som i verste fall kan føre til at bygget kollapsar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den estimerte prislappen for utbetringane er 30 millionar kroner. Totalt med riggdrift og uføresette kostnader, vart det rekna med 35 millionar. Den kostnaden kunne ikkje burettslaget bere.
Scanna bygget
Etter at dei første skadane var avdekt, vart det gjennomført sikringsarbeid og leilegheitseigarane kunne igjen bruke bygget. Bjerke sa i skiftesamlinga at burettslaget hadde kontakt med kommunen og brannvesenet i samband med dette.
Men tidleg på sommaren venta meir trøbbel.
– Bygget vart stengt for overnatting i første halvdel av juni. Deretter vart det sett i gang ytterlegare arbeid for å avdekke svakheiter i konstruksjonar. Mellom anna vart bygget scanna, sa Bjerke.
Burettslaget tok då opp eit lån på sju millionar for å sette i gang utbetringar, men det var før det store omfanget var avklara.
Hallingdølen er også kjent med at Ustaoset Leiligheter 1-8 AS var inne med 1,5 millionar til sikringsarbeidet i sommar.
Største kreditor
Det er meldt inn seks krav i konkursbuet så langt. Bustyraren ventar fleire etter førespurnader siste dagane.
– Samla er det meldt krav for over 19,2 millionar. Største kreditor er Danske Bank med eit samla krav på nesten 16,4 millionar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kravet svarar til to gjeldsbrevlån. Banken har sikkerheit i leilegheitsseksjonen.
Burettslaget hadde positive resultat og var likvid fram til konkurstidspunktet. Det hadde ein konto i DNB med 3,1 millionar.
Burettslaget hadde også eigardel i Ustaoset Vannforsyning SA på 25 prosent.
– Dette vil me følge opp, sa Bjerke, og slo fast at det ikkje er avdekt straffbare forhold.
Håpar på løysing
Spørsmålet alle på Ustaoset stiller seg no, er kva som skjer vidare med bygget.
Det er Hol kommune som har sperra av bygget med medhald i plan- og bygningslova. Rådmann Ole Johnny Stavn seier at bygget kjem til å vere avsperra enn så lenge.
– Ut frå det me veit i dag, ser me at det er fare for liv og helse. Men kjem det ny informasjon som tyder på noko anna, blir det gjort ei ny vurdering.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stavn seier kommunen håpar dei involverte partane finn ei løysing. Kjem det konkrete forslag, vil kommunen vere med på å finne løysingar innanfor lov- og regelverk.
– Ballen ligg ikkje hjå oss, men viss det skulle kome forslag til løysingar, vil me heilt klart sjå på det, seier Stavn.