Buøen: – Inga overrasking
Ordførar Tor Egil Buøen er ikkje skuffa etter vedtaket på landsmøtet.
– Dette kom ikkje som nokon overrasking. Men eg synest det er hyggjeleg at nokon har tenkt på Flå, seier Buøen.
Han var invitert som gjest til landsmøtet i Norges Jeger- og Fiskerforbund, og sat ringside under debatten som følgde etter forslaget om å flytte hovudadministrasjonen til Flå.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg trur forslaget om å flytte kom for tidleg. Dette må me nok sjå i eit 10-årsperspektiv. Men forslagsstillarane har meint at dette er rett, og dei har sagt at dei vil arbeide vidare med dette. Eg synest det i det heile er artig at tanken er kasta fram, seier Tor Egil Buøen.