Vestre Viken HF signerte kontrakt om å leige lokale til ny ambulansesentral i Slettobygget utan å varsle kommunen. Kommunen har brukt meir enn 500 000 kroner på å greie ut alternativ som det ikkje vart noko av.
Vestre Viken HF signerte kontrakt om å leige lokale til ny ambulansesentral i Slettobygget utan å varsle kommunen. Kommunen har brukt meir enn 500 000 kroner på å greie ut alternativ som det ikkje vart noko av.

Brukte 500 000 til inga nytte

Gol kommune fekk ikkje beskjed om at det hadde ordna seg med ny ambulansesentral i Slettobygget i Glitre Næringspark. Det kan ha kosta dyrt.

I mai bestemte formannskapet i Gol at den nye ambulansesentralen skal liggje på brannstasjonstomta på Glitre. Det fall ikkje i god jord verken hjå dei tilsette på sentralen eller hjå leiinga i ambulansetenesta i Vestre Viken HF.

Etter at vedtaket vart kjent, gjekk Vestre Viken HF ut i Hallingdølen og truga med at sentralen ville bli flytta til Nes om ikkje kommunen kom opp med ei akseptabel tomt. Sidan den tid har kommunen arbeidd med å greie ut ulike løysingar for ny ambulansesentral. Gol kommune og Gol kommunale eigedomar A/S har kjøpt konsulenttenester i tillegg til å leggje ned ein del timar i dette arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Stopp arbeidet omgåande

11. oktober kunne Hallingdølen melde at det var underteikna avtale mellom Veste Viken HF si ambulanseteneste og Sletto Eigedom AS om leige av lokale til ny ambulansesentral i Gol. Dette var ikkje kommunen gjort kjent med.

På møtet i formannskapet torsdag refererte ordførar Hallvor Lilleslett frå ein e-post han skreiv til rådmann Hege Mørk same dag som nyheita om ny ambulansesentral vart kjent: «Eg ser i Hallingdølen i dag at ambulansetenesta har fått seg lokale hjå Sletto Eigedom. Det er bra. Det eg stussar over er at, så langt eg er kjent med saka, kommunen ikkje har fått melding om at ambulansetenesta har kome fram til ei slik løysing. Gol kommune og Gol kommunale eigedomar A/S arbeider med å greie ut løysing for lokalitetar. No er det viktig at dette arbeidet stoppar opp omgåande», stod det i e-posten.

Kosta dyrt

Ordføraren bad rådmannen rekne ut kor mykje dette arbeidet har kosta kommunen. Svaret er at Gol kommunale eigedomar AS har hatt ein kostnad på 512.000 kroner (inkl. moms). I tillegg kjem arbeidet som er gjort av kommuneadministrasjonen, men dette er ikkje kostnadsrekna.

Slik ser romløysinga ut i den nye ambulansestasjonen i Slettobygget, som skal vere innflyttingsklar etter nyttår.
Slik ser romløysinga ut i den nye ambulansestasjonen i Slettobygget, som skal vere innflyttingsklar etter nyttår.
3. mai gjekk ambulansetenesta i Gol ut i Hallingdølen med sterk kritikk av kommunen. (Faksimile)
3. mai gjekk ambulansetenesta i Gol ut i Hallingdølen med sterk kritikk av kommunen. (Faksimile)