Brannøving: Synleg røyk og flammar
I Auenhauglivegen i Gol skal brannvesenet tysdag kveld øve.
Det melder Sør Øst 110.
– Brannvesenet heldt nedbrenningsøvelse av ei hytte i Auenhauglivegen 308, skriv dei på X.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vil vera synleg røyk og flammar frå adressa frå klokka 18 og fram til midnatt tysdag kveld.
Hytta som skal brenne ned og øvast på ligg på Golsfjellet Vest, ikkje langt frå vegen som går til Fuglehaugen Motorsenter.