Håvard Bøkko har eit stykkje att til toppformen.
Håvard Bøkko har eit stykkje att til toppformen.

Bøkko sleit

åvard Bøkko fekk det tungt på 5.000 meteren i Heerenveen.

I samløp med Sven Kramer vart han slått med ti sekund.

Det heldt til 8. plass, og han slo hårfint den andre nordmannen som deltok, Sverre Lunde Pedersen. Bøkko vart klokka inn på 6,26,30. Kramer fekk tida 6,16,08.

Artikkelen held fram under annonsen.

Firedobbelt

Det vart firedobbelt nederlandsk. Nordmennene har enno ein liten veg å gå.

Men ingen venta all verda av Bøkko. Han justerte også ned forventningane før start på grunn av sjukdom etter NM for 14 dagar sidan. Han meiner at han treng fleire løp i kroppen før han kan yte opp mot sitt beste.

Revansj?

Seinare i helga er det 1.500m i verdscupløpa i Heerenveen. Der har han alle moglegheiter til å ta revansj på det som han reknar som sin beste distanse.

Hege Bøkko vart nummer 18 i B-gruppa på 3.000m. Ho har også hatt sjukdom i kroppen.