Blir sjef i Høyres Hus
John-Ragnar Aarset har fått jobben som generalsekretær i Høgre.
Fredag kveld vart det klart at sentralstyret i Høgre har spurt John-Ragnar Aarset frå Geilo om å ta over som jobben generalsekretær. Som generalsekretær vil han få det øvste administrative ansvaret for regjeringspartiet.
Søkjer avskjed i nåde
IfølgjeDagens Næringsliv startar han i jobben så fort han får avskjed i nåde frå stillinga som statssekretær i Samferdselsdepartementet. Aarset tek over jobben etter Lars Arne Ryssdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Geilingen har hatt fleire sentrale verv i partiet. Han har vore leiar av Unge Høgre, nestleiar og presseansvarleg for sekretariatet til stortingsgruppa. Han var politisk rådgjevar for kommunal- og regionalminister Erna Solberg, og Aarset heldt fram som rådgjevar etter ho vart partileiar. Han har også hatt sentrale stillingar utanfor partiorganisasjonen, mellom anna som dagleg leiar for Forum Nye Bergensbanen.
Skal klore seg fast
TilDagens Næringsliv seier han at den viktigaste jobben som generalsekretær blir å sørgje for at Høgre held på regjeringsmakta etter stortingsvalet i 2017.
– Eg skal sørgje for at alle delar av partiet, og frå alle delar av landet, skal oppleve at dei er på det same laget. Me skal saman finne ut kva me skal by velgjarane, slik at me gjer oss fortent til fire nye år i regjering, sier Aarset til avisa.