Blir ny toppsjef på Geilo
Andreas Smith-Erichsen (52) skal leie alpinutviklinga på Geilo. Han blir sjef for Geilo Holding AS frå årsskiftet.
Dagleg leiar i Skistar Hemsedal skiftar jobb. Frå 1. januar 2018 blir Andreas Smith-Erichsen dagleg leiar i Geilo Holding AS, selskapet som går først i utviklinga av Geilo som reisemål.
- Andreas er ein av dei med størst kompetanse i Norden på alpine destinasjonar, seier styreleiar Arne Pålgardhaugen i ei pressemelding. Geilo Holding lyste ut etter CEO (Chief Executive Offiser - dagleg leiar) i august.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Imponert over optimismen
Geilo Holding AS eig Geilo skisenter og ein stor del eiendomsareal for utvikling av fritidseigedom.
Eigarane i Geilo Holding AS, Fredensborg AS og Kikut Eiendom AS, er svært godt nøgde med å få Smith-Erichsen på laget.
Han har dei siste 14 åra arbeidd i SkiStar Hemsedal, først som driftsjef og dei siste fire åra som øvste leiar. No blir han sentral for det som er tenkt å bli ei storsatsning på Geilo dei neste åra.
- Eg er imponert over den optimismen som viser seg på Geilo om dagen. Geilo er ei tradisjonsrik storheit med eit betydeleg potensial, seier Smith-Erichsen i den same meldinga.
Han legg til at kombinasjonen av alpin utvikling og eigedom er ein suksessfaktor.
- Ved å setje den alpine utviklinga i fokus når ein skal utvikle eigedom, vil Geilo stå fram som ein meir funksjonell og moderne alpindestinasjon.
- Rett mann på rett plass
Håvard Staff Brenno, som representerer Fredensborg AS i styret, snakkar i store bokstavar. Han meiner ein av grunnsteinane for ei ny storheitstid er kome på plass, med Smith-Erichsen i førarsetet.
- Å få inn ein ressurs av Andreas’ kaliber er av avgjerande betydning for vår framoverlente satsing på Geilo. Med Andreas på laget har me fått rett mann på rett plass for å ta grep for ei langsiktig og heilskapleg destinasjons- og reiselivsutvikling av Geilo, uttalar han.