Blir i Norge - inntil vidare
Sundag morgon vart ein barnefamilie busett på asylmottaket i Hemsedal vekt av politiet. Beskjeden var klar: Dei måtte pakke og førebu seg på å forlate Norge.
Hendinga klokka sju sundag morgon vart starten på ein dramatisk dag for familien.
I løpet av seks timar utspann det seg eit menneskeleg drama inne på familiens rom, med uvisse og uro for framtida.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Redde
Fem timar seinare sit kvinna frå Afghanistan på rommet sitt på Hemsedal statlege mottak.
Midt på golvet står koffertar og sekkar ferdig pakka. Rundt leikar borna på fire og halvanna år. Ektemannen hennar er ikkje å få tak i. Kor han er og kvifor han er borte, veit ho ikkje. Ho har besøk av vener i bygda. I likskap med kvinna er også dei uroa. Dei har ikkje høyrt noko verken frå ektemannen eller frå politiet. Kva som skjer vidare er på dette tidspunktet eit ope spørsmål.
– Me vil ikkje attende til Afghanistan med to born. Her er me trygge, seier ho.
For sju år sidan kom kvinna og ektemannen til Norge. Borna er fødde i Norge. Eldstebarnet pratar norsk og har starta i barnehage.
– Det er svært vanskeleg for oss. Me er veldig redde. Afghanistan er farleg for oss, seier ho.
Lang ventetid
Klokka 13 ringer venene til politiet. Seks timar etter at politiet kom inn på rommet med beskjeden, går dei framleis i uvisse. Ventetida er lang. Blir dei henta eller får dei bli?
– Me har levd under eit veldig press. Det er forferdeleg å vente, seier kvinna.
Men så er ventetida over. For så lenge ektemannen ikkje er funnen, blir ikkje familien sendt ut denne dagen. Venene får dette stadfesta på telefon med politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvinna startar å pakke ut klede og leiker. Ho er letta, men veit samstundes at dette berre er ei utsetjing. Når politiet kjem på døra neste gong, veit ho ikkje. Og det er det som er det verste: Ikkje å vite.
– I sju år har me vore i ein vanskeleg situasjon. No blir det meir venting, seier ho.
Har konvertert
Familiens advokat, Anders Ervin Solberg, var i kontakt med kvinna sundag og måndag.
Han seier opplevinga sundag framleis sit i.
– Ho er rysta. Fyrst og fremst på grunn av borna, seier advokaten.
Kvinna og ektemannen har konvertert frå islam til kristendom. Og det er her slaget står for familien. For konvertittar blir ikkje returnerte. Men dei vart ikkje trudd i tingretten og anka saka til lagmannsretten.
– Spørsmålet deira no er realiteten i konverteringa til den kristne tro. Det er det einaste spørsmålet. Men per no er det slik at så lenge ein ikkje har fått beskjed om noko anna, oppheld ein seg i Norge ulovleg og risikerer jo å bli uttransportert, seier Solberg.