Tidlegare prost i Hallingdal, Øystein Magelssen, er framleis aktuell som ny biskop i Tunsberg bispedømme. (Pressefoto)
Tidlegare prost i Hallingdal, Øystein Magelssen, er framleis aktuell som ny biskop i Tunsberg bispedømme. (Pressefoto)

Bispedømmerådet går for Kjetil Haga

Bispedømmerådet i Tunsberg ynskjer seg domprost Kjetil Haga som ny biskop.

Bispedømmerådet er det siste lokale leddet som stemmer over biskopkandidatane. No går stafettpinnen vidare til biskopane før Kyrkjerådet tek den endelege avgjerda.

Bispedømmerådet i Tunsberg har vedtatt fylgjande rangering:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Kjetil Haga, (51) domprost i Tønsberg

2. Jan Otto Myrseth, (61) domprost i Bergen

3. Øystein Magelssen, (52) generalsekretær, Norges KFUK-KFUM

Ingen kvinner er dermed med på lista til bispedømmerådet. Det i seg sjølv er oppsiktsvekkjande.

Mange gode namn

Lill Tone Grahl-Jacobsen har leia prosessen i rådet.

– Me har hatt mange kvalifiserte namn på listene, og står att med tre gode kandidatar i prioritert rekkefølge. Prosessen har skapt mykje engasjement. Den har synt at folk og media er opptatt av kyrkja og kven som leiar den.

Over sommaren

Ho fortel at bispedømmerådet har jobba mykje og godt med valet av ny biskop.

– Det har vore ein spennande og interessant veg fram til i dag. No er me ferdige med vår del av sjølve tilsettinga, og me kan sjå fram til å ta imot ein ny biskop over sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Biskopane skal uttale seg innan 23. mai. Det endelege valet av ny biskop i Tunsberg bispedømme vil bli gjort av Kyrkjerådet på rådets møte 6. til 8. juni i Tønsberg.