Politiet trur glatt veg var årsaka til at to bilar kolliderte i Dagali sundag.
Politiet trur glatt veg var årsaka til at to bilar kolliderte i Dagali sundag.

Bilist mista kontrollen

To bilar kolliderte på den glatte vegen i Dagali.

Ein bil som kom frå Geilo mista kontrollen på det glatte føret i Dagali sundag ettermiddag.

Dermed kolliderte han med ein bil som kom imot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uhellet skjedde rett før klokka 17 sundag.

Ingen av personane i bilane vart skadde i uhellet.

Vegen gjennom Dagali vart stengt ei kort stund, mens bilane vart taua av vegen av ein traktor.