Køyrde i autovernet og sperra trafikken - mista førarkortet
Ei bilulykke på Rv7 langs Strandafjorden i Ål sperra trafikken ei stund tysdag ettermiddag.
Politiet melde om ulykka litt før klokka 18.
– Ein bil har køyrd i autovernet. Det er tre personar i bilen, opplyste politiet søraust.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje politiet framstod det ikkje som nokon ulykke med alvorlege personskader.
Derimot skapte ulykka trafikkproblem.
Bilen blokkerte trafikken ei god stund, noko som førte til store køar inntil bilbergar kom på plass.
Rundt klokka 19 kunne politiet opplyse at det var rydda opp og trafikken gjekk som normalt att.
To av dei tre personane som var i bilen vart frakta til legevakt for vidare sjekk.
Det er gjort førarkortbeslag av sjåføren, og politiet opprettar sak.
Sjåføren var ei kvinne i 20-åra frå Austlandet.