Beste turistsommaren sidan 2008
Meldingane om dei gode sommartidene i Hallingdal held fram.
Mot slutten av forrige veke gjekk det ut ei melding frå turistsjefen i Hol, Pål Knutsson Medhus, til medlemmene i Visit Geilo.
– Har me sett norsk rekord, spurte han, og viste til dei fem store hotella som hadde ein beleggsprosent på 97,92 i juli.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er eventyrleg, skreiv turistsjefen.
Vekst
Når tala viser at veksten i losjiomsetnad var på sju millionar kroner så langt i sommar, er det ein ekstra god grunn til å juble.
For som Medhus seier:
– Me kan ikkje gå banken med beleggsprosent.
Det kan ein derimot med losjiomsetnad. Sju millionar opp er solide tal.
– Det er veldig spennande å sjå at me har grep om dette. Me har flinke folk som tek vare på dei besøkande, seier Medhus.
Tala og rapportane frå Geilo og Hol stadfestar dei gode sommartidene i Hallingdal. I løpet av sommaren av Hallingdølen skrive om at Vassfaret bjørnepark går mot ny besøksrekord, om syklistar som kjem frå heile verda til Nesbyen og dei andre bygdene for å utforske løypenettet og campingplassar og serveringsstader som slår tidlegare rekordar.
Inga utflating
Og det etter ein fjorårssommar som også vart ein av dei beste nokosinne.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me trudde det skulle flate ut etter fjoråret, seier Medhus.
I reiselivssenteret på Geilo har dei hatt over 11.000 turistar innom så langt i sommar. Medhus meiner det stadfesta Geilo som eit viktig informasjonsknutepunkt mellom Oslo og Bergen. Og dei mange turistane har ikkje berre gjort at det er vekst for overnattingsbedriftene. Det er oppgangstider for alle.
– Det er ein brei vekst. Alt av hotell har gode tal. Det same har handel, Geilo kulturkyrkje har vekst i besøkstal. Serious Fun i Dagali, Statoil’n i Hol, ramsar turistsjefen opp.
Færre bussar
Dr. Holms hotell er eitt av hotella som merkar den gode sommaren.
Direktør Gro Odden har studert tal kvar einaste sommar tilbake til 2008. Konklusjonen er klar:
– Dette er den beste sommaren sidan 2008.
Odden seier årets beleggsprosenten er lik samanlikna med tidlegare år, men gjestene legg att meir pengar på hotellets tilbod som spa-avdelinga som har gått for fullt i heile juli. Ein årsak kan vere at hotellet mot færre bussar.
– Me har satsa meir mot den individuelle marknaden, seier Odden, som også ser lyst på august.
Artikkelen held fram under annonsen.
– August har starta bra. Det rasar på, seier Odden.
Også på Storefjell er sommartrafikken god.
Hotelleigar Arne Nibstad melder om auke.
– Det er ein bra sommar. Det blir meir enn i fjor, men me har ikkje hatt tid til å telje opp.
Ifølgje Nibstad er det mykje folk på heile Golsfjellet. Hit kjem fleire og fleire for å sykle og gå turar i fjellet.
– Snittet vårt er 450 gjester kvar dag. Så det blir ein del rom å vaske, seier Nibstad.