All togtrafikk på Bergensbanen vil stoppe opp i helga. Årsaka er planlagt arbeid på store deler av strekninga. (Arkivfoto)
All togtrafikk på Bergensbanen vil stoppe opp i helga. Årsaka er planlagt arbeid på store deler av strekninga. (Arkivfoto)

Bergensbanen stengjer

Planlagt arbeid på Bergensbanen fører til at ordinær togtrafikk blir stoppa gjennom heile helga.

Det er Jernbaneverket som melder dette i ei pressemelding. På regionnettet vil det heller ikkje bli sett opp buss for tog.

Det siste fjerntogtilbodet er ettermiddagsekspressen fredag. Frå og med natt-toga fredag kveld blir alle tog innstilte. Det same gjeld alle tog laurdag. Frå og med sundag klokka 7.55 vil det vera normal fjerntogtrafikk att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire tiltak

Det er mykje som skal utbetrast på Bergensbanen i helga. Mellom anna skal snøoverbygg fornyast, det skal utførast rassikringsarbeid både på aust- og vestsida av Langfjella. Det skal også utførast flaumsikringsarbeid på vestsida, sporvedlikehald, nødlys i tunnel, arbeid på elektroanlegg og arbeid på plattforma ved Voss stasjon.

Åtvara

Jernbaneverket åtvarar folk mot å gå i sporet. Sjølv om det strekningsvis er stengt for ordinær togtrafikk, vil det gå arbeidstog heile helga. Tog kan ventast til ei kvar tid, skriv dei på sin nettstad.