Astrid Bergman er invitert i hagefest på slottet for å vere med å feire 25 årsjubileumet til kongen og dronninga.
Astrid Bergman er invitert i hagefest på slottet for å vere med å feire 25 årsjubileumet til kongen og dronninga.

Beden i kongeleg lag

Astrid Bergman frå Gol er beden til 25-års jubileet til kong Harald og dronning Sonja 1. september.

– Det er jo spennande, men eg har ikkje heilt bestemt meg om eg skal reise enno. Det er jo langt å reise for berre to timar, smiler Astrid Bergman. Ho syns det var artig å få invitasjonen i posten. Det var fint, med emblem og kongekrone. I innbydinga står det «Hans Majestet Kongens hoffsjef har ifølge befaling den ære å invitere Astrid Bergman til Hagefest i Slottsparken torsdag 1. september frå 14-16.»

Der skal det vera eit hageselskap med bevertning og underhaldning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det står pent antrekk etter dagens vêr. Det skal etter kva eg har skjønt, vera ute, så då blir det nok ikkje så stivt, meiner Bergman.

Stor fest

– Det er Fylkesmannen i Buskerud som har foreslått Astrid Bergman som gjest. Fylkesmennene har foreslått 50 gjester kvar frå sine respektive fylke.

Det er ein utandørs fest der kongefamilien vil vera til stades, og det er invitert rundt 1500 gjester, seier Hege Hognestad, koordinator, protokoll og sekretariat for Det Norske Kongehus.

Astrid Bergman fekk eit uventa brev i posten nyleg. Ho er invitert i hagefest i slottsparken for å vere med å feire 25 årsjubileumet til kongen og dronninga.
Astrid Bergman fekk eit uventa brev i posten nyleg. Ho er invitert i hagefest i slottsparken for å vere med å feire 25 årsjubileumet til kongen og dronninga.

Bergman trur ikkje kongen og dronninga kjem til å snakke med alle, så det er ikkje sikkert ho får helse på dei.

– Det eg lurer mest på, er om det er fleire frå Hallingdal som er invitert, for då kan me kanskje reise i lag, seier Bergman

Veit ikkje kvifor

– Kva er det som gjer at du er bedt?

– Det er eg også nysgjerrig på, ler ho. Ho veit ikkje om det er kommunane som har sendt inn forslag eller andre. Ho har inga tilknyting til kongen og dronninga.

– Det skulle visst vera eit landsgjennomsnitt av befolkninga. Men eg veit ikkje kvifor eg vart plukka ut, undrar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergman køyrer sjølv, men har ikkje lyst å køyre heilt til Oslo.

– Men det kan hende dottera mi kan køyre, men ho får ikkje vera med inn, så ho må finne på noko anna imens, avsluttar ho.

Breidda i folket

– Det som vart lagt til grunn var at det skulle vera ei viss breidde i alder, kjønn, etnisitet og så vidare. Det skal spegle av breidda i folket, seier Kari Ølstad Jansen hjå Fylkesmannen i Buskerud.

Det er fleire frå Hallingdal som er invitert, men ho kan ikkje seie noko meir enn det.