Ein bebuar ved omsorgssenter har fått påvist koronasmitte
Ein bebuar ved Bergtun omsorgssenter i Nore og Uvdal har testa positivt for korona. Vedkommande er no i isolat, og kommunen jobbar intenst med smittesporing.
– Den siste veka har me testa fleire bebuarar, fordi kommuneoverlegen har vore tydeleg på at ein kvar endring i allmenntilstanden kan vere koronavirus. Me har vore offensive. Vedkommande det her er snakk om, fekk ein del symptom for nokre dagar sidan. Me sette då i verk smittevernregime, og tok ein test. Fredag ettermiddag fekk me svaret, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Nore og Uvdal, Hilde Heggelien.
Kartleggingsjobb
Den positive prøva gjeld ein av heimetenestas brukarar. No blir det jobba med å kartlegge alle eventuelle nærkontaktar til vedkommande, og kven av dei tilsette som har jobba med bebuaren, kor hyppig og kor mykje nærkontakt det har vore.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje gjort tiltak i forhold til dei andre bebuarane ved Bergtun.
– Vedkommande har halde seg for seg sjølv. Det gjer at me ikkje har grunn til å tru at andre kan vere smitta, seier Heggelien.
Budd på situasjonen
Nore og Uvdal har inntil fredag hatt berre eitt smittetilfelle. Men dei har budd seg på at det kan kome meir, derfor har dei planen klar for smitteverntiltak. Eit smitteteam tek seg no av bebuaren.
– Vedkommande er i dei beste hender, seier Heggelien.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
– Me har jobba ut frå at noko som dette kunne skje. No prøver me å kartlegge situasjonen, og håpar det ikkje dukkar opp fleire positive prøver i kjølvatnet av dette. Men me er budd på at det kan skje.