Barn under to år koronasmitta: – Må vere obs på alle teikn til sjukdom
Då eit sjukt barn i Gol vart innlagt på sjukehus, vart det tatt ein positiv koronatest. Kommuneoverlegen ber no alle om å følgje nøye med på moglege symptom hjå barn.
Barnet er under to år, og kom på legevakta med sjukdom. Ifølgje kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam vart det vidare innlegging ved sjukehus, og då vart det tatt ein koronatest.
Den slo ut positivt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Smittekjelda er frå sentralt på Austlandet, og har ingen samanheng med tidlegare lokale tilfelle. I samband med dette har me sett sju personar i karantene, fortel Thurainayagam.
Legetenesta råka
To av dei som er sett i karantene, er ein lege og ein sjukepleiar i Gol.
– Det gir konkret redusert kapasitet denne veka. Men me har gode smittevernrutinar og gjer vårt beste for å halde oppe drifta på ein forsvarleg måte, seier Thurainayagam.
– Fastlege- og legevaktfunksjonen er vareteke, understrekar han.
Må vere obs
Thurainayagam ønsker å presisere at folk ikkje må nøle med å ta kontakt ved sjukdom.
– Det er også viktig å minne om at også barn kan bli smitta av korona. Som oftast får dei milde symptom, nokre gonger berre feber. Ein skal derfor vere obs på eit kvart teikn til sjukdom, seier kommuneoverlegen.
– Kor vanleg er det at små barn blir smitta?
– Det skjer jo at barn blir smitta, men ofte er det vanskeleg å avdekke sidan symptoma er så milde. Med auka smitte av mutert virus har me sett fleire og fleire tilfelle av dette både nasjonalt og internasjonalt, seier Thurainayagam.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I dette tilfellet har me ei forklaring på kvifor barnet vart smitta, ved kontakt med ein smitta person.