Stigar i nærleiken av der folk bur er viktig. (Arkivbilete)
Stigar i nærleiken av der folk bur er viktig. (Arkivbilete)

Både Gol og Ål vil bli Årets friluftskommune

110 kommunar kjempar om å bli årets frliuftskommune 2015.

Ved utgangen av Friluftslivets år 2015 skal Årets Friluftskommune bli kåra. Påmeldingsfristen gjekk ut 30. juni.

I Buskerud er berre tre kommunar med i kampen. Lier, Ål og Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Friluftskommune

Vedtaket forpliktar. Målet er å skape varige resultat, i form av auka friluftslivsaktivitet i alle delar av befolkninga.

Dette er fjerde gong det er ei slik kåring her til lands. I 1997 vann faktisk Ål kommune kåringa. Sandnes kommune toppa pallen i 2005, medan Sandefjord sigra i 2009.

I Friluftslivets år 2015 plukkar ein jury ut tre finalistar. Mot slutten av året blir det kåra ein vinnar. Juryen skal finne den kommunen som har lagt planar, sett i gong tiltak og satsa ressursar på friluftsliv i 2015. Følg med på www.norskfriluftsliv.no under «Årets friluftslivskommune 2015» og sjå kven som blir dei tre finalistane.

Legg til rette

Friluftsrådenes Landsforbund og Miljødirektoratet er godt nøgd med at 110 kommunar som har meldt seg på tevlinga. Arrangørane meiner at det beste ein kommune kan gjere, er å leggje til rette for turområde for fysisk aktivitet og rekreasjon tett ved der folk bur, slik at folk kjem seg ut til dagleg. I tillegg er god skilting og kart viktig.