Avslører piggdekka
Så du trur at du skal få piggdekka gratis gjennom bomringen i Oslo? Ikkje viss holingen Ole Bjørn Kleven og sonen Fredrik får tilslag på oppfinninga si.
Kleven har utvikla ein patent som registrerer at bilar køyrer med piggdekk. Piggdekkdetektoren kan gi Oslo kommune bortimot 100 millionar kroner i årlege ekstrainntekter. Det er fire år sidan oppfinnaren i Kvisla i Hol fekk ein ny ide. Det skjedde under ei overnatting i Oslo.
Stålplate i asfalten
– Eg vakna av lyden frå bilar med piggdekk som køyrde over stålplater som låg over opne grøfter i gatene. Då fekk eg ideen til å laga ein piggdetektor, seier Ole Bjørn Kleven.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saman med sonen Fredrik og selskapet Ares Detection AS, som dei er medeigarar i, har Kleven utvikla ein piggdekkdetektor som dei har fått patent på.
Detektoren består av ei stålplate som blir lagt ned i vegbanen. Ved hjelp av sensorar, digitalisert lyd og mikrofonar kan ein skilja mellom bilar som køyrer med og utan piggdekk.
– Piggdekkdetektoren er testa ut på E39 utanfor Molde eitt års tid og har fungert bra, seier Kleven.
Større inntekter – reinare luft
Det er Oslo kommune og andre store byar med piggdekkavgift som er dei potensielt største kundane. Dagens ordning med at ein stoppar på innfartsvegane og betalar piggdekkavgift, fungerer ikkje godt nok.
– I Oslo er det berre rundt halvparten av piggdekkbilistane som betalar avgift. Den andre halvparten lurar seg unna. Oslo kommune mistar inntekter på mellom 50 og 100 millionar kroner i året som skulle brukast til miljøtiltak, seier Ole Bjørn Kleven.
– Vinn-vinn
Piggdekka gir dårleg luftkvalitet. I tillegg til ekstrainntektene ville det gi ein miljøgevinst. Fleire vil køyre piggfritt når dei må betala avgift.
– Dette er ein vinn-vinn-situasjon. Piggdekkdetektoren gir inntekter og det blir mindre forureining, seier Kleven.
Ein fersk dom i EFTA-domstolen kan vera ein pådrivar for å setja patentet til Kleven og Ares Detection i drift. Der vart Norge dømt for brot på EU sitt luftkvalitetsdirektiv. Luftkvaliteten i store norske byar er alt for dårleg. At Miljøpartiet Dei Grøne fekk byrådsleiaren for miljø og samferdsel, kan også verke positivt for å få piggdekkdetektoren i drift.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prøveordning i Oslo?
Kleven og Ares Detection har hatt tett kontakt med Oslo kommune dei siste åra. Bymiljøetaten i Oslo har vist stor interesse. Dei ser effekten av tiltaket med gi auka inntekter, fleire piggfrie bilar og mindre forureining.
Utfordringa er å finne ei løysing på korleis piggdekkbilar skal identifiserast. Bymiljøetaten ynskjer at det blir sett i gang ei prøveordning fortast råd ved at piggdekkregistreringa blir kopla opp mot fotosystemet ved dei automatiske bomstasjonane til Fjellinjen AS.
Men Vegdirektoratet har avvist dette, og syner til at bompengeselskapa i utgangspunktet berre skal drive innkrevjing av bompengar. Piggdekkregistrering kopla opp mot dette vil vera i strid med konsesjonsvilkåra frå Datatilsynet.
Divisjonsdirektør Kjetil Storaas Hansen i Bymiljøetaten i Oslo kommune:
Kontrollen av dei som betalar piggdekkavgift har vore ei utfordring for Oslo kommune heilt sidan avgiftssystemet vart innført. Storaas Hansen opplyser at bortimot halvparten av alle som køyrer med piggdekk ikkje betalar avgift. Kommunen har ikkje kapasitet til å kontrollere at alle betalar ved dei sjølvbetente piggdekkstasjonane på innfartsvegane.
– Det ligg eit stort inntektspotensial i å finne ein teknologi som registrerer alle piggdekkbilistar automatisk. Det er pengar me skulle brukt til meir førebyggjande tiltak mot miljøforureining. Utfordringa er å finne eit registreringssystem som fungerer, seier divisjonsdirektøren.
Bymiljøetaten i Oslo kommune var svært interessert i å få til ei prøveordning med piggdekkdetektoren då dei fekk han presentert av Kleven og Ares Detection. Men Vegdirektoratet har sagt nei til å kople piggdekkregistreringa opp mot til dei automatiske bompengestasjonane til Fjellinjen AS fordi det er i strid med konsesjonane på bompengeinnkrevjing og konsesjonen frå Datatilsynet.
– Som majoritetseigar i Fjellinjen AS med 60 prosent har me nær kontakt med selskapet. Det er også eit kapasitetsproblem ved bomstasjonane. På eitt eller anna vis må me finne ein teknologi som fungerer. Piggdekkdetektoren med ei stålplate i asfalten er interessant. Registreringa er problemet og utfordringa, seier Kjetil Storaas Hansen.