Sjølv med streng nattefrost dei siste dagane, er ikkje råkene trygge. Det generelle rådet er å halde seg unna isen. (Arkivfoto).
Sjølv med streng nattefrost dei siste dagane, er ikkje råkene trygge. Det generelle rådet er å halde seg unna isen. (Arkivfoto).

Åtvarar mot utrygg is

Isen ved dam- og kraftanlegg er livsfarleg, sjølv om nattefrosten får råkene til å fryse att.

Det kraftige mildvêret før påske opna råker ved inn- og utløp ved dam- og kraftanlegg. Sjølv med streng nattefrost dei siste dagane, er ikkje råkene trygge.

Nattefrost

Dei siste dagane har det vore 15–20 minusgrader om natta mange stader. Dagtemperaturen kjem likevel fort opp i null grader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om isen kan sjå heil og fin ut, er han tynn og skjør.

Livsfarleg å gå på isen

Olav Wollebæk i Lykkja i Hemsedal vil åtvare folk mot å gå på isen. I Lykkja var det 17,1 minusgrader klokka 6 påskeeftan. Kulda har fått råkene til å fryse att. Førebels går det an å sjå at isen er utrygg.

– Du ser at det glinsar i isen. Men i kveld kjem det truleg nysnø, seier Wollebæk.

Slik såg isen ut ved Lykkja påskeeftan. Her var det ope vatn i går. – Når det no kjem nysnø, blir det uråd å vurdere kor det er sprekker i isen, seier Wollebæk.
Slik såg isen ut ved Lykkja påskeeftan. Her var det ope vatn i går. – Når det no kjem nysnø, blir det uråd å vurdere kor det er sprekker i isen, seier Wollebæk.

Med eit lag nysnø på toppen, ser isen både heil og rein ut. Då er det uråd å vurdere kor tjukk isen er.

– Isen er livsfarleg, seier han.

Rådet er klart – hald deg unna

Ola Gunleiksrud er vassdragsteknisk ansvarleg i E-CO Energi Hallingdal. Han seier at det alltid er store lokale forskjellar i kor tjukk isen er. Det generelle rådet er likevel å halde seg unna isen.

– Men det er ikkje lurt å utfordre lagnaden. Særleg ved sund og inn- og utløp kan det vere livsfarleg å bevege seg på isen, seier han.