Arbeider på spreng - fleire og fleire har fått fibernettet tilbake
Beredskapslaga i fiberselskapet Bruse jobbar døgnet rundt for å få fibernettet tilbake til sine kundar.
Fredag føremiddag melder Bruse at fleire og fleire har fått tilbake fiber.
Selskapet melder at dei skal oppdatere kundar som er råka på SMS fortløpande.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Under halvparten av våre kundar i Nesbyen har vore utan fiber under flaumen, opplyser dagleg leiar Svein Solhjell.
Provisorisk kabel
— Det tek tid og er eit krevjande arbeid, seier Simen Knaldre.
Saman med kollegaene er han ein av dei som no arbeider på spreng for å få fibernettet tilbake i full drift. Kor avgjerande fibernettet har vorte for kommunanes infrastruktur, har vorte synleg siste dagane.
Torsdag sette dei i gang i Nesbyen sentrum, der austsida og store delar av sentrum har vore utan nett. Årsaka er dei enorme vassmassane i elvene Rukkedøla og Hallingdalselva.
— Det har gått to kablar i Rukkedøla. Her skal me prøve å legge provisorisk kabel, seier Knaldre.
Torsdag ettermiddag var gravemaskiner på veg for å hjelpe til med det arbeidet. Målet er at Nesbyens innbyggarar skal få tilbake nettet så raskt som mogleg.
Torsdag kveld hadde kundane på austsida fått tilbake fiber.
For mykje vatn
For Bruse har eit hovudproblem vore at det har vore så mykje vatn at det rett og slett ikkje har vore mogleg å skaffe seg oversikt over skadane på kablane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Traseane i Nesbyen ved Rukkedøla og Hallingdalselva og Heslabrua i Gol er blant dei som er utsette for skadar.
— Me jobbar med mellombelse løysingar. Normal drift tek lengre tid, seier Solhjell.
Solhjell seier dei har klart å halde det meste av nettet ope gjennom siste dagane. Men i Ål og mot Geilo har det vore brot etter skreda i Ål.
Rukkedalen i Nesbyen har også vore heilt utan nett.
Rodde inn
Trass vêret med vassmengder og skred, har nettet til Hallingdal vore ope. Det har mellom anna vore mogleg på grunn av to aggregat som vart sett inn då vatnet starta å stige tysdag.
I Hallingdal Kraftnetts driftssentral i Nesbyen, som elles har vore under vatn og stengt for straum, har Bruse eit kritisk og sentralt punkt for fibernettet i regionen. Her står aggregata trygt og sikrar drift av viktig infrastruktur.
— Då me var her med aggregata tysdag, steig vatnet med kring ti centimeter i timen. Det var heilt ekstremt, seier Knaldre.
På det høgaste stod vatnet over halvannan meter opp på veggen onsdag. Samtidig måtte aggregata ha påfyll av drivstoff. Knaldre og kollegaen tok seg til bygningen med båt.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Straumen var tidvis sterk, og me sleit med å ro. Det var krevjande.