App skal løfte fram alpinanlegga
Ei ny digital teneste skal gjere det lettare å finne alpinanlegg i nærleiken av der du er. Store som små.
Fnugg er namnet på ei ny teneste som Alpinanleggenes landsforeining (ALF) står bak. Tanken er blant anna å hjelpe fram mindre «dugnadsanlegg».
- Det er dei store som ofte får merksemda, men me vil gjere folk merksame på at det finst eit mangfald, seier Camilla Sylling Clausen, generalsekretær i ALF. Tenesta blir lansert 23. oktober, i god tid før dei første anlegga er i sving.
Artikkelen held fram under annonsen.
Håpar å bli sett og brukt
I Bualie på Golsfjellet har snøen så vidt kome på toppane, men utan kunstsnø er det opp til vêrgudane å sette opningsdatoen.
– Me opnar så fort me kan. Kanskje alt først i november og i alle fall før jul, får me tru, seier Lars Slettemoen. Den eksisterande tenesta skiinfo.no er med åra blitt så omfattande at anlegg som Bualie føler at dei druknar i mengda.
– Kva vil ei ny teneste som dette bety for dykk?
– Eg håpar det blir enklare å finne fram til oss. Det blir moro å sjå om det fungerer.
Til årets sesong er også eit barnetrekk på plass. Også eit første av fleire leilegheitsbygg vil bli starta på i år. Dermed er det fleire positive ting på gang for eit lite anlegg som det i Bualie.
Det blir både Skiinfo og Fnugg komande sesong, så vil framtida vise kva som fungerer og ikkje.
Hallingdal er med
Til saman 86 store og mindre anlegg er med på den nye tenesta av totalt 210 norske anlegg. Hallingdal er med. Det betyr anlegg i Hol, Hemsedal, Nesbyen, Gol og Ål. Også Uvdal alpinsenter er med på tenesta.
Fnugg er både ei nettside og ein app. Med posisjoneringstenesta på smarttelefonen vil ein få opp anlegg i nærleiken. Det er førebels ikkje høve til å kjøpe skikort gjennom appen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Med namnevalet vil ein vel ikkje treffe den internasjonale marknaden?
– Ingen visste kva det var å google noko før Google, svarar Camilla Sylling Clausen retorisk.